Katrine Sele

Faktaboks

Katrine Sele
Født
17. august 1972, København, Danmark
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Katrine Sele er ein norsk journalist og sakprosaforfattar. Bøkene hennar er prega av interesse for, og perspektiv på, enkeltmenneske sine liv og lagnader i vår tid.

Bakgrunn

Katrine Sele er fødd i København i Danmark og voks opp i Edinburgh i Skottland, i Bulawayo i Zimbabwe, i Oslo, i Bærum og i Singapore. Ho har eksamen frå United World College of South East Asia i Singapore (1988) og International Baccalaureate frå Berg videregående skole i Oslo (1991).

Sele har grunnfagseksamen i statsvitskap frå Universitetet i Oslo (1992), bachelorgrad i litteratur frå Brown University i Providence, USA (1995) og journalistutdanning, linja for avisjournalistikk, frå Høgskolen i Oslo (no OsloMet – storbyuniversitetet) (1998).

Frå 1998 til 2013 var Sele tilsett som journalist i Mediehuset Firda, i Førde i Sunnfjord. I 2013 vart Sele tilsett som kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet). Ved sida av å vere journalist og rådgivar har Sele vore frilans forfattar og foredragshaldar sidan 2000.

Forfattarskapen

Sele debuterte som forfattar i 2000, med Månen er så liten som ein katt. Boka er ei samling intervju med 39 barn i alderen 4 til 12 år som snakkar om kva dei er opptekne av. Seinare har ho gitt ut fleire bøker med ulik tematikk. Boka Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (2001) var eit samarbeid med fotografen Oddleiv Apneseth. I 2006 kom Herifrå, igjen med eit utval forteljingar og møte med menneske i Sogn og Fjordane. Også denne boka vart skriven saman med Oddleiv Apneseth. Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen (2013) er ein biografi om komponisten og musikaren Kenneth Sivertsen, medan Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (2017) er eit møte med ni ulike flyktningar som budde ein periode på asylmottak i Jølster.

Bøkene til Sele fortel om møte med, og viser interesse for, enkeltmenneske, enten dei er kunstnar-kjendisar, barn eller flyktningar. Som sakprosaforfattar er ho ein synleg og deltakande forteljar i teksten, ei som opplev, spør og undrar seg, samstundes som ho informerer og reflekterer.

I tillegg til eigne bøker har Sele vore representert med tekstar i fleire antologiar, mellom anna Trøysteboka (2011), Det fleirspråklege Noreg (2013) og Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord (2014).

Anna engasjement

Sele var sekretær og kasserar i Sogn og Fjordane journalistlag i åra 2003–2008 og var medlem i redaksjonsrådet for tidsskriftet Syn og Segn i ein periode frå 2014.

Utmerkingar

Sele fekk Presseprisen for Sogn og Fjordane i 2000 og i 2005, Sivleprisen i 2007 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012. I 2015 fekk ho pris for beste forskingsartikkel på nettstaden forskning.no, og i 2017 fekk ho Jølster kommune sin kulturpris. I 2020 fekk Sele Samlagsprisen og i 2021 fekk ho tildelt Språkprisen for bøkene Jølster hotell og Einars bok.

Bibliografi

  • Einars bok (Biografier og memoarer, Samlaget, 2021)
  • Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (Sakprosa, Samlaget, 2017)
  • Kenneth. Historia om Kenneth Sivertsen (Biografier og memoarer, Samlaget, 2013)
  • Herifrå (Essays, Selja, 2006)
  • Tvisynt tvilar: eit portrett av Oddvar Torsheim (Sakprosa, Skald forlag, 2001)
  • Månen er så liten som ein katt (Intervju med barn) (Selja, 2000)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg