Faktaboks

Katerina Sakellaropoulou

gr. Κατερίνα Σακελλαροπούλου

Fødd
20. mai 1956, Thessaloniki
Katerina Sakellaropoulou
Av .

Katerina Sakellaropoulou er ein gresk politikar og dommar. I mars 2020 vart ho Hellas' første kvinnelege president.

Sakellaropoulou blei fødd i Thessaloniki i 1956, men flytta til Athen med familien i 1964. I 1978 fullførte ho studier i rettsvitskap ved Det nasjonale universitetet i Athen. Ho fortsette studia i Paris ved Université Panthéon-Assas.

Politisk karriere

Sidan 1982 har Sakellaropoulou vore tilknytta Statsrådet, den høgaste administrative rettsstolen i Hellas, i ulike stillingar. Ho har særleg arbeidd med saker som omhandlar menneskerettar og miljø.

I 2018 blei ho valt til president for Statsrådet som første kvinne. Ho heldt denne stillinga fram til februar 2020.

Den 22. januar 2020 blei Sakellaropoulou valt som president av det greske parlamentet med 261 av 300 stemmer. Ho blei svoren inn 13. mars same år.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg