Karstein er eit mannsnamn som er ein fornorska variant (med -stein) av Karsten som er nedertysk form av Kristian.

Namn med variantar på -stein og -sten er elles av nordisk opphav, til dømes Torstein – Torsten.

Namnet har fleire variantar: Carstein, Carsten, Karstein, Karsten.

Namnestatistikk

I 2022 var det 669 menn i Noreg som hadde Karstein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Karstein, som er ei norsk omforming av det nedertyske Karsten, hadde toppfasen sin i 1930-åra, altså noko seinare enn Karsten. Karstein liknar på strukturen i samansette nordiske namn på -stein, til dømes Torstein. Ei rekkje nordisk samansette namn hadde toppfasen sin i den same perioden som Karstein, til dømes Arnulf, Gudmund, Oddvar, Sigmund og Tormod.

Utvikling i bruk av namnet Karstein frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Karstein frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg