Karn er eit kvinnenamn som er samantrekt form av det danske Karen. Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Carin, Karen, Kari, Karin, Karn.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Karn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karn på 1800-talet.

Karn var klart mest brukt i Møre og Romsdal.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karn på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Karn var klart mest brukt i Møre og Romsdal.

Historisk bruk av namnet Karn
Historisk bruk av namnet Karn
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg