Karmøy
Karmøy. Av . Begrenset gjenbruk

Karmøy

Faktaboks

Landareal
220 km²
Innbyggertall
42 541 (2022)
Administrasjonssenter
Kopervik
Fylke
Rogaland
Innbyggernavn
kartabu, karmøybu
Målform
nøytral
Kommunenummer
1149
Høyeste fjell
Dyrafjellet (171 moh.)

Kommunevåpen

Karmøy

Karmøy. Skudeneshavn, tidlegare ladestad og gammalt fiskeleie. Skudeneshavn har eit fint, gammalt bygningsmiljø. Nesten alle dei 125 husa og 100 sjøbuene som Skudenes hadde omkring 1850, står framleis. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
/Store norske leksikon ※.
Avaldsnes kyrkje.
Avaldsnes kyrkje.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Karmøy er ein kommune i Rogaland fylke, sørvest for Haugesund. Kommunen består av øya Karmøy (176,8 kvadratkilometer) og nokre småøyar utanfor denne, mellom anna Feøy (1,3 kvadratkilometer), halvøya mellom Karmsundet og Førresfjorden på fastlandet, øya Fosen (12,2 kvadratkilometer) lenger sør og nokre andre, mindre øyar.

Kommunen blei oppretta i 1965 ved at heile eller det meste av sju kommunar blei slått saman: heile heradskommunane Åkra, Stangaland og Skudenes og bykommunane (ladestadene) Kopervik og Skudeneshavn, og dessutan størstedelen av heradskommunane Torvastad og Avaldsnes. Av Torvastad blei Vibrandsøy dette året lagd til Haugesund, og av Avaldsnes blei områda aust for Førresfjorden lagde til Tysvær.

Karmøy grensar til Haugesund og Tysvær på fastlandet i nordaust. Dei andre grensene til Karmøy går i fjordar, sund og havstykke: mot Utsira i vest, Haugesund (Røvær) i nordvest, Tysvær og Bokn i aust og Kvitsøy i sør. Karmøy er den femte største kommunen på Vestlandet i folketal, etter Bergen, Stavanger, Sandnes og Ålesund.

Natur

Øya Karmøy er sterkt innskoren av havet med mange småøyar og skjer utanfor, særleg i nord. Innimellom finst det store sandstrender, til dømes Åkrasanden midt på øya og Sandvesanden i sør. Den tronge Veavågen skjer seg fem kilometer inn frå vest, og Eidsvågen (Eidsbotn) kjem 1,5–2 kilometer frå Kopervik i aust, og dei deler nesten øya i to.

Berggrunnen på øya Karmøy høyrer til den kaledonske fjellkjeda (sjå den kaledonske orogenesen). Dette gjeld også den nordre delen av fastlandet ved Karmsundet, nær grensa til Haugesund. På den nordaustre delen av øya består berggrunnen av skiferbergartar, mellom anna fyllitt, som gjennom forvitring har gitt eit godt jordsmonn. Her finn ein eit svakt bølgjande og godt oppdyrka landskap.

Sør for skiferområdet, i eit belte som i heile breidda til øya strekkjer seg sørover til ei linje frå Vedavågen i nordvest til Hovdastad ved Karmsundet i søraust, består grunnen av hardare bergartar som er danna langt nede i den kaledonske fjellkjeda, særleg gabbro og grønstein. Dette er bergartar ein også finn på øyane nord for Visnes (Feøy med fleire). Sør i dette området på Karmøy når Søndre Sålefjellet 132 meter over havet. I kontaktsona mellom desse djupbergartane og skifrane lenger nord finst det koparhaldig svovelkis. På Visnes var det, med visse avbrot, gruvedrift i perioden 1865–1972. På Feøy er det nikkelførekomstar, men for tida er det inga utvinning.

Sørvest for linja Vedavågen–Hovdastad er berggrunnen dominert av ulike granittar. Her er det meir berglendt, med nakne eller lyngkledde knausar og myrer og med stort sett øydne heiar i dei indre strøka. Det er meir oppdyrka langs kysten, særleg i vest. Sør og aust for Hilleslandsvatnet i Skudenes er det i dette heiområdet eit felt med kalksteinskonglomerat av silurisk alder.

På fastlandet, likeins på øya Fosen, er berggrunnen prega av gneisar av grunnfjellsalder («botngneis»), men sterkt påverka i kaledonsk tid. I dette «botngneisområdet», lengst nordaust i kommunen, ligg det høgaste punktet i kommunen, Dyrafjellet (171 meter over havet).

I fastlandsdelen av kommunen finst det også mindre område med yngre bergartar: Ved Karmsundet, nær grensa til Haugesund, finn ein over grunnfjellet den same gabbroen av kaledonsk opphav som sentralt på sjølve Karmøy, og på Høvring, den søraustlegaste øya til kommunen, består berggrunnen av fylitt og glimmerskifer av silurisk alder. På fastlandsdelen minner elles landskapet og vegetasjonen mykje om det ein finn på søre del av Karmøy.

Klima

Mest nedbør er det i oktober, med ein normal på 200,0 millimeter, og minst nedbør er det i mai, med ein normal på 76,4 millimeter. Temperaturstatistikk for kommunen finst ikkje. Målingane er gjorde ved Brekkevann målestasjon.

Busetjing

Det er tett busetjing på vestsida av Karmøy frå Skudeneshavn til Veavågen, likeins på den nordlegaste delen av øya og i området rundt Kopervik, sentralt på austsida. På fastlandet er folkemengda i særleg grad konsentrert til områda ved Karmsund bru, like utanfor grensa til Haugesund. I alt bur 79 prosent av innbyggjarane i kommunen på sjølve Karmøy, mens mindre enn 1 prosent bur på resten av øyane i kommunen (Fosen og Feøy; 2017).

Karmøy kommune har i alt åtte tettstader heilt innanfor kommunegrensene, som alle ligg på sjølve Karmøy (folketal i 2021 i parentes): administrasjonssenteret Kopervik (11 590), Åkrehamn (7855), Skudeneshavn (3308), Avaldsnes (2809), Ferkingstad (720), Visnes (560), Sandve (317) og Våre (251). På fastlandet er det i tillegg to tettstader på grensa til nabokommunane: Skre på grensa til Tysvær (1640 innbyggjarar i 2021,) og Karmøys del av tettstaden Haugesund (8541 innbyggjarar i 2016). I alt budde 89 prosent av befolkninga i Karmøy på tettstader i 2016, mot 88 prosent i fylket samla sett.

Kopervik og Skudeneshavn, som tidlegare var ladestader, mista bystatusen ved innlemminga i Karmøy i 1965, men fekk statusen tilbake ved kommunalt eigenvedtak i 1996. I 2002 blei det også vedteke bystatus for tettstaden Åkrehamn.

Kommunen har samla sett hatt ein kontinuerleg befolkningsvekst i fleire tiår. I tiårsperioden 2007–2017 hadde kommunen ein befolkningstilvekst på gjennomsnittleg 1,0 prosent årleg, mot 1,6 prosent i fylket samla sett.

Næringsliv

Den viktigaste næringa i Karmøy etter offentleg og privat tenesteyting, målt etter sysselsetjing, er industrien, som har 17 prosent av arbeidsplassane til kommunen (2016), 29 prosent når ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning / renovasjon. Deretter følgjer varehandel og hotell- og serveringsverksemd med 15 prosent.

Sjølv med ein andel på berre 2–3 prosent av arbeidsplassane til kommunen betyr primærnæringane mykje i kommunen. Jordbruket har hovudvekt på eit intensivt og variert husdyrhald, særleg storfe, høns og sau. Karmøy er den dominerande kommunen i nordfylket når det gjeld grønsakproduksjon, særleg av gulrøter.

Karmøy er Rogalands klart viktigaste fiskerikommune målt etter verdien av fangsten frå den heimehøyrande fiskeflåten. I 2015 stod såleis Karmøy-fiskarane for 60 prosent av verdien av fangsten til båtane som høyrer heime i fylket. Som ilandføringskommune var Karmøy likevel overgått av Eigersund, som dette året fekk 57 prosent av fylket sin samla ilandførte fangst (etter verdi), mot Karmøys 34 prosent. Fisket blir drive særleg frå tettstadene på vestkysten, og dessutan frå Skudeneshavn i sør. Det blir også drive noko fiskeoppdrett. Det har dei seinare åra vakse fram ei stor fiskerihamn i Karmsundet ved Husøy med fleire fiskeforedlingsbedrifter, mellom anna ein fiskemjølfabrikk. Også på vestsida av Karmøya er det fiskeforedling, mellom anna Sildakongen Produksjon AS i Åkrehamn.

Industrien er karakterisert av allsidigheit og eit stort innslag av mange mindre bedrifter, mellom anna innan næringsmiddel- og verkstadindustri. Dei dominerande industribransjane i Karmøy er verkstadindustri og primær jern- og metallindustri, med høvesvis 45 og 34 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen (2015). Verkstadindustrien er prega av maskinindustri, som har 34 prosent av sysselsetjinga i industrien, medan jern- og metallindustrien er heilt dominert av den klart største bedrifta i kommunen, aluminiumsverket til Norsk Hydro ved Karmsundet mellom Kopervik og Avaldsnes, som er eit av Europas største aluminiumsverk. Kraftbehovet til verket blir dekt av leveransar frå kraftverka i Røldal og Suldal. Elles er næringsmiddelindustrien synleg, mellom anna fiskeforedling, med ti prosent av sysselsetjinga i industrien i 2015.

Karmøy har stor utpendling. I 2016 hadde i alt 42 prosent av dei busette arbeidstakarane arbeid utanfor kommunen: 25 prosent i Haugesund, 4 prosent i dei andre Haugaland-kommunane, 3 prosent på Jæren inkludert Stavanger og 2 prosent i Bergen.

Samferdsel

Høgevarde fyrstasjon.
Høgevarde fyrstasjon.

Sentralt over Karmøy går fylkesveg 547, som følgjer vestsida av øya frå Skudeneshavn til Åkrehamn, deretter austsida frå Kopervik til møtet med E134 i Våge. E134 går frå Haugesund lufthavn, Karmøy via Våge og Karmsund bru til bysenteret. Flyplassen har også internasjonal trafikk.

Karmøytunnelen, som er ei grein av fylkesveg 547, inngår i T-sambandet under Karmsundet og Førresfjorden og knyter Karmøy til E39 (stamvegen langs vestlandskysten) ved Mjåsundet i Tysvær (om T-sambandet: sjå Fosen, Karmsundet og Rogaland). Ferjesambandet Skudeneshavn–Mekjarvik over Boknafjorden blei nedlagt etter opninga av det nye sambandet i 2013. Det går fylkesvegar frå Kopervik til Skudeneshavn langs Karmsundet (fylkesveg 511) og til nordre del av Karmøy (fylkesveg 4808).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Åkrehamn og i administrasjonssenteret Kopervik finst det vidaregåande skular. I Åkrehamn ligg Rogaland Fiskerimuseum.

Karmøy høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Karmøy er del av Haugaland næringsregion saman med Bokn, Haugesund, Tysvær, Utsira og Vindafjord.

Karmøy kommune svarer til dei åtte sokna Avaldsnes, Falnes, Ferkingstad, Kopervik, Norheim, Torvastad, Vedavågen og Åkra i Karmøy prosti i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Karmøy til Ryfylke fogderi (futedøme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Karmøy

For statistiske formål er Karmøy kommune (per 2020) delt inn i ti delområde med til saman 79 grunnkrinsar:

  • Vedavågen: Sævik, Østhus, Østhusneset, Munkejord, Vea
  • Sevland: Heiå, Mannes, Sevlandsvik, Varne
  • Åkra: Tjøsvoll, Tjøsvoll Øst, Åkrehamn, Årvold, Grindhaug, Mosbron, Stong, Ådland, Liknes
  • Ferkingstad: Stava, Stol – Ferkingstad, Langåker – Kvilhaug, Hemnes – Sandhåland
  • Skudenes: Vikra, Sandve, Syre, Breidablikk, Hålandshøgda, Vågen – Varden, Skudeneshavn, Vigevågen, Vik, Falnes, Hillesland, Hovdastad, Snørteland
  • Kopervik: Stokkastrand, Nordstokke, Stangeland, Liar, Kalvatre, Kopervik Sentrum, Nordre Side, Østremneset, Eide, Brekke
  • Håvik: Østrem, Bygnes, Skår, Sund, Vorå, Kolstø
  • Avaldsnes: Kvalavåg, Visnes, Skeie, Velde, Fiskå, Utvik
  • Torvastad: Feøy, Hauge, Håland, Osnes, Litlasund, Karmsund, Storesund, Nordbø, Bø
  • Fastlandssiden: Norheimsvågen, Norheim, Norheimsskogen, Spanne, Røyksund, Fosen, Mykje, Aksnes, Eike, Moksheim, Bjøllehaugen, Trevarden, Vormedal

Historikk og kultur

Karmøy blir ofte nemnd i den eldre historia i Noreg. Det er særleg den strategiske rolla til Karmsundet som skipslei som er bakgrunnen for øya si viktige rolle i historisk samanheng. Her er det gjort ei rekkje arkeologiske funn som vitnar om tidleg busetjing. Skudeneshavn har ein svært godt bevart busetnad frå seglskutetida.

Det ligg eit gruvemuseum på Visnes, der det blei vunne ut svovelkis og kopar i perioden 1866–1972. Mykje tyder på at fridomsstatuen i New York er laga av kopar herfrå. Ved Utvik i Avaldsnes ligg Rehaugene, fem store gravhaugar frå bronsealderen, og på Ferkingstad i Skudenes finst det hustufter og restar etter hamn frå tidleg vikingtid.

Frå sagatida er særleg storgardane Avaldsnes, Stangaland og Ferkingstad kjende. Den første var ein av Harald Hårfagre sine kongsgardar og var tingstad for Ryggjafylke og Agder til 1200-talet. Det er ei større mellomalderkyrkje i stein ved Karmsundet på Avaldsnes. Nordvegen Historiesenter og Vikinggarden ligg like ved kyrkja.

Karmøy er ein viktig fyrkommune. Høgevarde fyrstasjon ved Karmsundet blei bygd allereie i 1700, og totalt har kommunen hatt seks bemanna fyrstasjonar. Alle er avbemanna, men i dag er Geitungen, Høgevarde og Vikaholmen besøksfyr.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1975) har eit gitterkors i sølv mot ein raud bakgrunn. «Karmen» speler på namnet Karmøy, korset speler på den sterke kristne tradisjonen med mellom anna Avaldsnes kyrkje, og knuten speler på øya si rolle som kommunikasjonsmessig knutepunkt.

Namnet Karmøy kjem av norrønt Kǫrmt, genitiv Karmtar, truleg ei avleiing av karm, det vil seie den som lagar karm, i tydinga vern mot havet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bygdebok for Karmøy, 1979–93, seks bind
  • Hernæs, Per & Frode Fyllingsnes: Karmøys historie: som det stiger frem, 1997-, tre bind
  • Lundberg, Anders: Karmøys flora: biologisk mangfald i eit kystlandskap, 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg