Faktaboks

Karl Otto Ellefsen
Fødd
5. oktober 1948
Karl Otto Ellefsen
Av .

Karl Otto Ellefsen er ein norsk arkitekt og professor emeritus i urbanisme ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Utdanning og forsking

Ellefsen er utdanna ved Architectural Association School of Architecture i London og sivilarkitekt frå Arkitekthøgskolen i Oslo. Han har publisert mykje innanfor urbanisme, byplanhistorie og arkitekturkritikk. Ellefsen har lang erfaring i å praktisere og forske på utvikling av norske byar og tettstader. Han har òg arbeidd internasjonalt, til dømes med urbanisering i Aust-Afrika.

Professorat, rektorat og presidentskap

Ellefsen vart tilsett ved Norges tekniske høgskole i 1987, med professorat frå 1992. I 1995 vart han tilsett som professor i urbanisme ved Arkitekthøgskolen i Oslo. Han var rektor same stad frå 2002 til 2014, inkludert ved namneskiftet til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Frå 2013 til 2017 var han president i European Association for Architectural Education. I 2018 vart han gjesteprofessor ved Central Academy of Fine Arts i Beijing.

Bøker

Av bøker har Ellefsen gitt ut mellom anna Fysisk planlegging (saman med August Røsnes, 1989) og Realistisk byanalyse (saman med Dag Tvilde, 1991). I 2017 utga han saman med Tarald Lundevall Fiskevær. Myre på Yttersida.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg