Karine er eit kvinnenamn som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Carina, Carine, Karina, Karine.

Namnedag er 22. oktober. Karianne og Kine har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karine

Eit utval personar med namnet Karine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 920 kvinner i Noreg som hadde Karine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Karine i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Karine. Dette inneber at 26 prosent hadde Karine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Endinga -ine var mykje meir brukt enn -ina på 1800-talet, og dette kjem også fram i kurvene for for Karine og Karina. I siste halvdel av 1900-talet endra dette seg: Nå vart Karina – og stavevarianten Carina – populære. I Sverige er Karina og Carina mykje meir brukte enn Karine og Carine. Det er truleg svensk påverknad som ligg bak oppsvinget for Karina og Carina i siste halvdel av 1900-talet, for i Sverige låg både Karina og Carina på topp 1960–1964. Det kan elles nemnast at -ina er den vanlege endinga i Sverige, mens -ine er mest utbreidd i Noreg. Såleis vart den svensk-norske dronninga på 1800-talet omtalt som Josefina i Sverige, Josefine i Noreg. Ho levde frå 1807 til 1876.

Utvikling i bruk av namnet Karine frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Karine frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karine på 1800-talet.

Karine var mest brukt i Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Karine var mest brukt i Oppland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Carine.)

Historisk bruk av namnet Karine
Historisk bruk av namnet Karine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg