Karina

Artikkelstart

Karina er eit kvinnenamn som er utvikla av Katrina som i sin tur går tilbake til Katarina (brukt på 1100-talet i Sverige). Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

I norrønt gjekk [tr] over til [ðr] i Katrina, og deretter fall [ð] bort slik at resultatet vart Karina.

Namnet har fleire variantar: Carine, Karina, Karine, Carina.

Namnedag er 2. august. Karen og Karin har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karina

Eksempel på ein person med namnet Karina som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2800 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Karina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg