Karin

Karin er eit kvinnenamn som er nordisk (særleg svensk) form av Karina. Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Karin, Carin, Karn, Karen, Kari.

Namnedag er 2. august. Karen og Karina har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karin

Eit utval personar med namnet Karin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 16400 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Karin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg