Karianne er eit kvinnenamn som kan tolkast som ei samanskriving av Kari Anne, men dette dobbeltnamnet var svært sjeldsynt på 1700- og 1800-talet. Likevel er det grunn til å tru at det opphavleg har vore kvinnenamnet Anne som har lege til grunn for Karianne, men -anne har då nærmast fått suffiksstatus – på same måte som Oleanne av Ole der -anne kan oppfattast som suffiks på linje med -ine i Oline av Ole.

Namnet har fleire variantar: Carianne, Kariann, Karianna, Karianne.

Namnedag er 22. oktober. Karine og Kine har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karianne

Eit utval personar med namnet Karianne, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 599 kvinner i Noreg som hadde Karianne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Karianne har ein kurveprofil som liknar på det lydlike namnet Marianne. Det fekk eit bratt oppsving midt på 1900-talet, og etter ein topp i perioden 1970–1974 gjekk det fort nedover att.

Utvikling i bruk av namnet Karianne frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Karianne frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg