Karense er eit kvinnenamn som er ei avleiing av Karen.

Suffikset -se finst etter namn som endar på -en, til dømes Maren-se, Kristen-se og Jørgen-se. Også i nokre innbyggarnamn laga til bynamn som endar på -en, finn vi denne [s]-en, til dømes bergen-sar, drammen-sar. Lenger bak har denne [s]-en opphav i den latinske adjektivendinga -ensis, til dømes Schola Osloensis (tidlegare namn på Oslo Katedralskole).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Karense som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Karense i perioden 1900–2017, var det 79 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Karense. Dette inneber at 21 prosent hadde Karense som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg