Kamile kan vere ein variant av kvinnenamnet Camilla som går tilbake til det romerske slektsnamnet Camill-us/-a av etruskisk opphav. I latin tyder ordet camilla ‘jente som hjelper til ved ofringar’. Kamile kan også vere eit persisk kvinnenamn som tyder ‘perfekt’.

Namnet har fleire variantar: Camila, Camilla, Kamila, Kamile, Kamilla, Kamille.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kamile som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg