Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele)

Faktaboks

Kamelen
Marcus Kabelo Møll Mosele Slim Kamel
Født
1993, Bergen, Vestland
Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele).
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Kamelen er ein kontroversiell rappar frå Bergen.

Bakgrunn

Marcus Kabelo Møll Mosele er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han bruker artistnamna Slim Kamel og Kamelen.

Musikkarrieren

Kamelen debuterte med låten «Si ingenting» i 2015. Sidan har rapparen gitt ut låtar som «Kjeltring» (2016), «Hon e fin» (2018) og «Vil ba vekk» (2019). Albumet Ambivalent kom i 2017, etterfulgt av albumet KINGPIN SLIM (2019) og albumet #FRIKJENT (2021), med fleire utgjevne singlar innimellom desse.

Tekstuniverset krinsar om forholdet mellom mann og kvinne. Han er kritisk til korleis makthavarane, og då særleg politiet, bruker makta si. Det ser vi til dømes i låten «Si ingenting». Eit underliggjande tema i tekstane hans er draumen om ein dag å leve eit lovlydig liv. Dette vert særleg reflektert i tittelen på albumet #Frikjent frå 2021. Kamelen hamna i nyhendebiletet også utanfor det norske rappmiljøet då han i 2015 prøvde å stikke av frå varetektsfengsel. I 2017 avslutta han ei tjue månader lang fengselsstraff for vald.

Kamelen rappar på dialekt, men har mange innslag av slang frå andre språk, til dømes arabisk og engelsk.

Utmerkingar

Kamelen vart nominert i klassen årets gjennombrot under Spellemannpris-utdelinga i 2018.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg