Kalvehøgdene er ein langstrekt, vakker tinderygg i Jotunheimen, på grensa mellom Vang og Vågå kommunar i Innlandet fylke, mellom Bygdin i sør og Leirungsdalen i nord.

Her ligg toppane Vestre Kalvehøgde (2208 meter over havet) og Austre Kalvehøgde (2178 meter). Fleire brear omkransar toppane, særleg på nordsida, og størst er Leirungsbreen. Grensa for Jotunheimen nasjonalpark går over Kalvehøgdene.

Dei første som ein veit gjekk til topps på Austre Kalvehøgde, var studentane Balthazar M. Keilhau og Christian P. B. Boeck saman med reinjegeren Ola Urdi sommaren 1820.

Les meir i Store norske leksikon

Kart

Kalvehøgdene
Kalvehøgdene
Av /Statens kartverk.

Kommentarar (2)

skreiv Svein Askheim

Kalvehøgdene er et fjellplatå med en rekke 2000-metere.

svarte Rune Nedrud

Flertallsbetegnelsen har kommet på plass.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg