Kalottspel

Artikkelstart

Kalottspel, folkemusikkfestival. I 1949 blei det første spelmannsstemnet arrangert i Målselv, med Målselv Mållag som arrangør og Johan Nymo som drivkraft. Dette blei opptakten til den folkemusikkfestivalen som frå 1970 har vore kalla Kalottspel.

Kalottspel er ein viktig møtestad for folkemusikarar og folkedansarar frå heile Nordkalotten. I august kvart år kjem amatørar, profesjonelle og publikum til Indre Troms for å vere med på festivalen. Under Kalottspel er det konsertar, seminar, utstillingar og dansetilstellingar, kurs i spel, song og dans for vaksne, ungar og ungdom. Hovudarenaen er Mellembygd kultur- og oppvekstsenter på Rundhaugen i Målselv.

Etter 1949 blei spelemannsstemnet i Målselv ein årleg tradisjon, og etter kvart voks Målselv Spelmannslag fram frå dette miljøet. I 1970 utvida mållaget og spelemannslaget stemnet og inviterte spelemenn frå andre land på Nordkalotten, framleis med Johan Nymo som pådrivar og arrangør. Frå 1984 til 2004 blei festivalen arrangert kvart andre år, frå 2004 kvart år. Frå 2005 har festivalen fått støtte frå Norsk kulturråd. Kalottspel arrangerer òg folkemusikkonsertar lokalt gjennom heile året.

Festivalen er organisert som foreining, og Nina Fjeldet er dagleg leiar. I 2010 var det 1900 besøkande på festivalen, og omsetninga var på om lag 1,2 mill. kroner.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg