Faktaboks

Kalhovdfjorden
Etymologi

førsteleddet er enten 'kald' eller 'kalv', andreleddet er hovde, 'bergpynt'

Region
Telemark
Kommune
Tinn
Vassdrag

Skiensvassdraget

Viktigaste utløp
Mår
Areal
27 km2
Reguleringshøgd
1075-1087
Kalhovdfjorden

Kart over Kalhovdfjorden.

Kalhovdfjorden
Av /Wikimedia Commons.

Kalhovdfjorden er ein innsjø i Tinn kommune i Telemark, 25 kilometer nordvest for Rjukan. Sjøen er sterkt forgreina og regulert (26,6 kvadratkilometer i areal, 1087–1075 meter over havet). Kalhovdfjordens naturlege avløp er gjennom Mår ned Breidsetdalen og Gausetdalen til nordenden av Tinnsjå.

Nå blir vatnet frå Kalhovdfjorden leia over til Gøystavatnet, som er samanhengande med Kalhovdfjorden, vidare til Strengetjønn og Grottevatn og derifrå i tunnel til Mår kraftverk (165 MW, 703 GWh) ved Dale i Vestfjorddalen. Ved austenden av Kalhovdfjorden ligg Kalhovd turisthytte.

Namnet

Første leddet i namnet er visstnok eit fjellnamn; norrønt Kalfhǫfði, samansett av orda kalv og hovde, 'fjellpynt'. Eit fjell i nærleiken heiter Bjørnhovd.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg