Kaja er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Kaia som er kjæleform av mellom anna Karen og Karin.

Namnet har fleire variantar: Caja, Kaia, Kaja, Kaya.

Kjende personar med namnet Kaja

Eit utval personar med namnet Kaja, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 431 kvinner i Noreg som hadde Kaja som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 97 jenter som fekk namnet Kaja.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kaia og Kaja slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Kaia og Kaja hadde – til liks med nokre andre tostava namn på -a – to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Anna, Laura, Emma, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje. Sidan år 1900 har Kaja vore brukt nesten tre gongar meir enn Kaia.

Utvikling i bruk av namnet Kaja frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kaja frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg