Kåre Simensen

Faktaboks

Kåre Simensen
Født
30. august 1955, Alta, Troms og Finnmark
Stortinget.

Artikkelstart

Kåre Simensen er IT-ingeniør og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Finnmark i 2009–2017.

Bakgrunn

Kåre Simensen er fødd i Alta i Finnmark (no Troms og Finnmark). Han gjekk på Alta gymnas i 1976–1978 og er cand.mag., med studiar i data ved Gjøvik ingeniørhøgskole (no Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)) i 1982–1984 og økonomi og administrasjon ved Finnmark distriktshøgskole (no UiT Norges arktiske universitet) i Alta i 1988–1990.

Simensen var skiferarbeidar og sjølvstendig næringsdrivande i 1973–1976, data- og økonomimedarbeidar i Finnmarksdata AS i 1979–1982, dataansvarleg for drift i Sparebanken Nord-Norge i 1984–1988, kundekonsulent i Unique AS, avdeling Alta, i 1994–1996 og dataprogrammerar i Simko Data AS i 1990–2007.

Politisk karriere

Han var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Alta kommunestyre i 1995–1999, og sat deretter i formannskapet i 1999–2003 og var varaordførar i 2003–2007. I 2007–2009 var Simensen medlem av fylkesutvalet i Finnmark, og var fylkesråd for kultur, næring og samferdsel i Finnmark fylkeskommune.

Simensen vart vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark for 2009–2013 og attvald for perioden 2013–2017. Simensen var medlem i familie- og kulturkomiteen på Stortinget i 2009–2013 og medlem i utanriks- og forsvarskomiteen i 2013–2017. Han stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2017. Politisk har Simensen arbeidd for å skape arbeidsplassar i heimfylket.

Andre verv

Simensen var medlem av styret for Helse Nord RHF i 2007–2009 og har vore meddommar i tingretten i Alta sidan 1995.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg