Kåra

Artikkelstart

Kåra er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Kára som svarer til mannsnamnet Kári (jamfør Kåre). Tydinga er ‘krøllhåra’. I nyare tid kan Kåra også vere avleidd av mannsnamnet Kåre.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Kaara Nordbotten fødd 1885 i Bremanger (Sogn og Fjordane).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kåra som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg