Julin er eit mannsnamn som kanskje er avleidd av kvinnenamnet Juline, men det kan også ha opphav i det svenske slektsnamnet Julin.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore husmann Julin A. Høifætten fødd 1848 i Beitstad (Nord-Trøndelag), busett i Klinga i 1900. Han var døypt Julinus, og det er usikkert når den kortare forma Julin vart tatt i bruk på han.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Julin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Julin i perioden 1900–2017, var det 73 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Julin. Dette inneber at 27 prosent hadde Julin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg