Julie er eit kvinnenamn som er fransk form av det latinske Julia.

I enkelte tilfelle har namnet også hatt fransk uttale (xýli) i Norden, som i skodespelet «Frøken Julie» av Strindberg. Forholdsvis mange av dei som heiter Julius, Julia og Julie, er fødde i juli, på julekvelden eller 1. juledag.

Namnet har fleire variantar: Julia, Julie.

Namnedag er 12. april. Julius har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Julie

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Julie

Eit utval personar med namnet Julie, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 690 kvinner i Noreg som hadde Julie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Julie var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 143 jenter som fekk namnet Julie, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Det er eit fellestrekk for kurvene til Julie og Julia at dei begge hadde ein førebels topp litt etter midten av 1800-talet. Og begge namna hadde ein kraftig auke frå 1980-åra til ein topp tidleg på 2000-talet. Julie har vore brukt nesten fem gongar så mykje som Julia sidan år 1900.

Utvikling i bruk av namnet Julie frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Julie frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Julie på 1800-talet.

Julie var mest brukt i Østfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Julie på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Julie var mest brukt i Østfold.

Historisk bruk av namnet Julie
Historisk bruk av namnet Julie
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2012: [August] fødd i august, [Julie] i juli eller jula – om fornamn relatert til tidspunktet for fødselen. [Studia anthroponymica Scandinavica 30].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg