Jul er eit mannsnamn som – saman med variantane Gjurd og Gyrd – har usikkert opphav. Namnet går kanskje tilbake til norrønt Guð-frøðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘fred’.

Mange av dei som heiter Jul, er fødde på julekvelden eller 1. juledag.

Namnet har fleire variantar: Juel, Juhl, Jul, Juul.

Kjende personar med namnet Jul

Eit utval personar med namnet Jul, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 210 menn (fødde i Noreg) som hadde Jul som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jul på 1800-talet.

Jul var klart mest brukt i Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jul på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Jul var klart mest brukt i Oppland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Juel.)

Historisk bruk av namnet Jul
Historisk bruk av namnet Jul
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2012: [August] fødd i august, [Julie] i juli eller jula – om fornamn relatert til tidspunktet for fødselen. [Studia anthroponymica Scandinavica 30].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg