Jorunn Ringstad

Faktaboks

Jorunn Ringstad
Født
3. september 1943, Askvoll, Vestland
Død
12. september 2018

Artikkelstart

Jorunn Ringstad var politikar og adjunkt. Ringstad var den første kvinnelege ordføraren i Askvoll kommune. Som stortingsrepresentant var samferdselspolitikk ei viktig sak for Ringstad.

Jorunn Ringstad var fødd i Askvoll. Ho var utdanna adjunkt, først frå Bergen lærarhøgskole i 1967 og seinare med tilleggsfag mellom anna i informatikk frå Sogndal lærarhøgskule i 1986. Frå 1967 til 1988 arbeidde ho som lærar ved Askvoll ungdomsskule.

I 1976 tok ho steget inn i lokalpolitikken, og i 1988–1993 var ho den første kvinnelege ordføraren i Askvoll kommune. I 1993 gjekk ho over i rikspolitikken, då ho vart vald inn som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane. Dette vervet hadde ho gjennom tre periodar, fram til 2005.

Ringstad sat i samferdselskomiteen på Stortinget i 1997–2005, men ho arbeidde òg med andre saksområde, til dømes konsesjonslovgiving og helsepolitikk. Ho hadde ei rekkje administrative og offentlege verv, mellom anna i Kommunenes Sentralforbund, som medlem i landsstyret for Norsk Lærarlag, medlem i Utvalet for menneskerettar og i Riksrettsutvalet. Ho var styremedlem i Helse Førde frå 2007, nestleiar frå 2008 og leiar frå 2012 til ho gav seg grunna sjukdom i 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg