Faktaboks

Jorunn Grødum Holtungen

Jorunn Grødum

Fødd
13. oktober 1964, Birkeland, Agder
Jorunn Grødum Holtungen
Jorunn Grødum Holtungen klar til å serve i ein kamp på 1980-talet.
Jorunn Grødum Holtungen
Av .

Jorunn Grødum Holtungen er ein norsk tidlegare volleyballspelar. Ho spelte for Bergkameratene frå Kongsberg i ei årrekkje, var profesjonell i tyske Bayern Lohhof og har rekorden i tal landskampar for Noreg.

Historie

Jorunn Grødum Holtungen var ein talentfull friidrettsutøvar, fram til ho byrja med volleyball som 13-åring. Talentet var ikkje noko mindre på volleyballbana, og ho var berre 14 år då ho i 1978 fekk statsstipend som volleyballspelar. Året etter debuterte ho for seniorlaget til Birkenes, og ho vart raskt oppdaga av uttakingskomiteen for landslaget. I 1980 debuterte ho for det norske seniorlandslaget under Nordisk meisterskap. Ho var då framleis berre 15 år.

I 1983 melde Grødum Holtungen overgang til Bergkameratene på Kongsberg. Der vann ho sin første NM-finale i 1984, og ho var med på å vinne seriegull i 1985. Dette året fekk ho tilbod om proffkontrakt med tyske Stuttgart, men valde å takke nei. Ho vann igjen NM-gull med Bergkameratene i 1986 og 1988, og det vart eit nytt gull i serien i 1989.

Ho var ein viktig spelar for det norske landslaget, som på midten av 1980-talet kanskje var det beste kvinnelandslaget Noreg har hatt. Laget tok sølv i nordisk meisterskap i 1984, og deretter bronse i Spring Cup i Israel i 1985. Ho var og sentral då det norske laget spelte Spring Cup på heimebane i 1986. Kvinnelandslaget tok då bronse etter å ha vunne over Austerrike i bronsefinalen. Det same året vann landslaget for første gong i ei internasjonal turnering i Luxembourg.

Jorunn Grødum Holtungen vart i 1984 kåra til den beste spelaren i Norden. Ho kom med på «All star team» under Spring Cup det same året.

Mot slutten av karrieren var Grødum Holtungen profesjonell spelar for tyske Bayern Lohhof. I 1990 tok laget sølv i toppdivisjonen med den norske spelaren på laget. Seinare på året var Bayern Lohhof tapande finalist i europacupfinalen i Tyrkia. Holtungen reiste så heim og la opp.

Jorunn Grødum Holtungen står med rekorden i tal kampar for det norske landslaget for kvinner. Ho spelte totalt 134 kampar for Noreg.

Klubbar

  • Birkenes (-1983)
  • Bergkameratene (1983–1989)
  • Bayern Lohhof (1989–1990)

Merittar

  • NM-gull i 1984, 1986 og 1988
  • Seriegull i 1985 og 1989
  • Tysk seriesølv i 1990
  • Sølv i europacupen i 1990

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Scott Aanby: Nettball og volleyball i Aust Agder. Aust Agder volleyballkrets 1947-1997 (1997)
  • Kolbjørn Rafoss: Å spille ballen tilbake – volleyballens historie i Norge (1998)
  • Nasjonalbiblioteket (nb.no): Aust-Agder Blad, Fædrelandsvennen og Drammens Tidende

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg