Jorun er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Jór-unn. Forleddet tyder ‘villsvin(hjelm’. Etterleddet er truleg laga til verbet unna i norrønt som tyder ‘elske’.

Namnet har fleire variantar: Joran, Jorand, Jorann, Joronn, Jorun, Jorund, Jorunn, Jorån, Jøran, Jørand, Jørann, Jørun, Jørunn.

Kjende personar med namnet Jorun

Eit utval personar med namnet Jorun, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 596 kvinner i Noreg som hadde Jorun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Jorun som var mest brukt 1935–1944. Sidan år 1900 har Jorunn vore brukt over tre gongar meir enn Jorun.

Utvikling i bruk av namnet Jorun frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jorun frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg