Jonisk søyle er ein klassisk søyletype, som høyrer til den joniske orden, ein stil i klassisk arkitektur og skulptur. Den joniske orden, med dei joniske søylane, oppsto omkring 600 fvt. og er noko yngre enn den doriske orden.
Joniske søyler er høgare og slankare enn dei doriske, og fotstykket (basisen) er rundt. Søylene er krona med eit kapitel som er utforma med spiralforma voluttar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.