Jone er eit mannsnamn som er ei e-utviding av Jon. Etter at Justisdepartementet i 1971 hadde bestemt at Jone berre skulle brukast som kvinnenamn, vart det mykje avisskriving om namnet (særleg i Rogaland). Det same året vart Jone på nytt tillate som mannsnamn, noko som førte til stor framgang for namnet.

Les om kvinnenamnet Jone.

Namnet har fleire variantar: Johne, Jone.

Namnedag er 29. august. Jo, Jo og Johan har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 198 menn i Noreg som hadde Jone som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 12 gutar som fekk namnet Jone.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Jone skil seg ut frå dei andre nordiske namna på -e ved at det har ein forholdsvis lang toppfase – frå 1960-åra til 2017.

Utvikling i bruk av namnet Jone frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jone frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jone på 1800-talet.

Jone var mest brukt i Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jone på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Jone var mest brukt i Rogaland. (I stolpediagrammet inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Johne.)

Historisk bruk av namnet Jone
Historisk bruk av namnet Jone
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: Norsk personnamnleksikon. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg