Faktaboks

Jonathan Swift
Fødd
30. november 1667, Dublin
Død
19. oktober 1745, Dublin
 Jonathan Swift
Jonathan Swift, byste i Trinity College, Dublin
Jonathan Swift
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Jonathan Swift
Av .

Jonathan Swift var ein irsk forfattar, ikkje minst kjend som ein glitrande satirikar og som forfattar av Gullivers reiser.

Tidlege år

Swift var fødd i Dublin, der han også studerte. I 1689 blei han sekretær for diplomaten William Temple i Surrey, England. I denne tida skreiv han den første prosasatiren sin, A Tale of a Tub – som var retta mot romarkyrkja og kalvinistane, men stort sett forsvarte den anglikanske kyrkja – og dessutan The Battle of the Books, om striden mellom klassikarane og dei moderne forfattarane. Desse blei trykte anonymt i 1704.

Hos Temple trefte han Esther Johnson («Stella»), som han seinare overtalte til å flytta til Dublin, og som han truleg gifta seg med. I 1694 blei han prestevigd, og i 1700–1710 var han sokneprest i Laracor nordvest for Dublin, men oppheldt seg ofte i lengre periodar i London.

Frå whig til tory

Swift skreiv politiske artiklar og satiriske essay, og gjekk i 1710 på grunn av kyrkjepolitikken over frå whigane til toryane, som no kom til makta. I nokre år var han den mest frykta skribenten i torypartiet, ikkje minst som redaktør for The Examiner (1710–1711), men han oppnådde ikkje meir enn domprostembetet ved St. Patrick's Cathedral i Dublin som påskjønning (1713).

Swift hadde blitt venn med Alexander Pope, John Arbuthnot, John Gay og andre litteratar, og det var bittert for han å reisa tilbake til irsk eksil. I 1710–1713 heldt han Stella underretta om livet sitt frå dag til dag i ein serie brev, som seinare har blitt gitt ut som Journal to Stella.

Ei anna kvinne følgde denne gongen etter han til Dublin, Esther Vanhomrigh («Vanessa»). Swift er ualminneleg grov mot kvinnekjønnet i skrifta sine, og forholdet hans til Stella og Vanessa er blant dei mange gåtene om livet hans.

Som forfattar blei han tilsynelatande meir og meir menneskefiendtleg, medan han i røynda ofte var godgjerande. Han blei ein nasjonalhelt for undertrykte irar då han skreiv ei rekkje drastiske satirar mot penge- og handelspolitikken til engelskmennene, særleg dei såkalla Drapier's Letters (1724) og A Modest Proposal (1729).

Gullivers reiser

I 1726 kom meisterverket hans, Gullivers reiser (originaltittel: Gulliver's Travels), der han harselerer over whig-regimet og over menneskeleg dårskap i det heile, under dekke av fire fantastiske reiseskildringar. Boka har halde seg levande på grunn av Swifts oppfinnsame penn og forteljartalent.

Boka blei snart etterlikna av mellom andre Ludvig Holberg i hans Niels Klim, og har blitt omsett til ei mengd språk. I nedskoren form har ho blitt ei klassisk barnebok.

Lyrikk

Swift skreiv også vers, ofte grove og spydige. Mest kjent er Verses on the Death of Dr. Swift (1739). The Complete Poems, redigert av Pat Rogers, som kom ut i 1982.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Downie, J.A.: Jonathan Swift : Political Writer, 1984, isbn 0-7100-9645-3
  • Ehrenpreis, Irvin: Swift : The Man, His Works, and The Age, 1962–83, 3 bind
  • Fox, Christopher, red.: The Cambridge Companion to Jonathan Swift, 2003, isbn 0-521-00283-4
  • McMinn, Joseph: Jonathan Swift : A Literary Life, 1991, isbn 0-333-48585-8
  • Nokes, David: Jonathan Swift : A Hypocrite Reversed : A Critical Biography, 1985, isbn 0-19-282055-9

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg