Artikkelstart
Jon Naustdalslid er ein samfunnsforskar med særleg kjennskap til kommunane sine livsvilkår i krysset mellom lokalt folkestyre og sentralt pålagde oppgåver.
Jon Naustdalslid er fødd 20. mai 1945 i Naustdal i Sunnfjord. Han tok examen artium ved Firda gymnas på Sandane i 1966 og magistergraden i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1974. Frå 1975 til 1985 arbeidde han som amanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og i 1985–88 som rådgivar for NORAD i Tanzania. Frå 1988 til han gjekk av med pensjon i 2012 var han tilsett ved Norsk institutt for by- og regionforsking, NIBR, i Oslo, i perioden 1989–95 som forskingssjef og i 1995–2007 som instituttsjef. Magisteravhandlinga til Naustdalslid handlar om motstridande interesser i norsk distriktsutbygging. Det har vore tema i mykje av forskinga hans. Då eit offentleg utval kom med tilrådingar om kommunesamanslåingar i byrjinga av 1990-åra, gjekk Naustdalslid kritisk igjennom forslaga i boka Dei arme små. Kritisk lys på framlegget til ny kommuneinndeling . I artiklane «Samfunnsforsking og styring i kunnskapssamfunnet» og «Kommuneinndelinga: 'Stor og sterk eller liten og lykkeleg?'» er kjernespørsmålet kva rolle det lokale sjølvstyret kan spele i samfunnsutviklinga. Naustdalslid har samla mange av forskingsperspektiva i tre framtidsmodellar. I «Kjernen» er kommunegrensene uendra. Politikken handlar om å utvikle nærdemokrati, men staten har overteke mange av velferdsoppgåvene – ei avkommunalisering. I «Fusjonen» har vi få kommunar, med større avstand mellom folkevalde og folket – ei avdemokratisering. I «Hybriden» består småkommunane og løyser oppgåvene gjennom interkommunale ordningar, i praksis eit nytt styringsnivå.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.