Faktaboks

Jon Hjørnevik
Fødd
14. april 1970, Voss, Vestland
Jon Hjørnevik.
Av /Samlaget.

Jon Hjørnevik er ein norsk humorpoet, kabaretforfattar og komikar med mange sprelske bøker og show. Han er utdanna statsvitar og arbeider som tekstforfattar i reklamebyrå.

Bakgrunn

Jon Hjørnevik er fødd på Voss i Hordaland (no Vestland). Etter vidaregåande skule studerte han i 1990–1991 bedriftsøkonomi ved BI i Bergen. Seinare studerte han samfunnsfag og vart cand.polit. ved Universitetet i Bergen i 1998.

Forfattarskapen

Frå 1996 var Hjørnevik i ei årrekkje tekstforfattar for fleire plateinnspelingar, mellom dei to plater av visepopgruppa Aftenlandet. Han har òg vore tekstforfattar og frontfigur i kabaretar. Sidan 2000 har han vore sjølvstendig næringsdrivande som forfattar, journalist og artist, men han har i tillegg vore tilsett som tekstforfattar i fleire reklamebyrå.

Hjørnevik debuterte i 2001 med diktsamlinga I ein sofa frå Korea. Med den tok ei heilt ny og annleis røyst plass i det norske litteraturlandskapet. Allereie året etter kom Den vanskelege andreboka, også det ei humørfylt og underhaldande diktsamling. I 2004 gav han ut lydboka Eit liv i offside, med opplesing av eigne dikt. Same året kom det særeigne oppslagsverket Hjørneviks store norske leksikon, ei bok med 211 oppslagsord med humoristiske forklaringar.

Sidan har det kome fleire bøker med skråblikk på kvardagshendingar, med titlar som Shortsen til far min og Flukta frå Rekkehuset. I 2018 kom den sjuande diktsamlinga, Ikkje alle gjorde motstand under krigen, ei diktbok med humoristiske og ironiske vinklingar av små og store krigar i og mellom menneska.

Bibliografi

  • Påfuglen som trakka i møtematen (Lyrikk, Samlaget, 2021)
  • Greatest dikts (Lyrikk, Samlaget, 2019)
  • Ikkje alle gjorde motstand under krigen (Lyrikk, Samlaget, 2018)
  • Alt skal ut (Lyrikk, Samlaget, 2015)
  • Heimekontor i gravferda (Lyrikk, Samlaget, 2014)
  • Flukta frå rekkehuset (Lyrikk, Samlaget, 2011)
  • Jon Hjørnevik samlar seg (Lyrikk, Samlaget, 2010)
  • Eventyrboka (medforfatter) (Eventyr, Skald forlag, 2009)
  • Norsk fotballhår – fra Tippen Johansen til Daniel Braaten (Medforfatter) (Humor, Schibsted, 2009)
  • Mor mi står i glaset (Lyrikk, Samlaget, 2008)
  • Dikt i oppsamling (Lyrikk, Samlaget, 2008)
  • Shortsen til far min (Humor, Samlaget, 2005)
  • Hjørneviks store norske leksikon (Humor, Samlaget, 2004)
  • Den vanskelege andreboka (Lyrikk, Samlaget, 2002)
  • I ein sofa frå Korea (Lyrikk, Samlaget, 2001)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg