Jon Hellesnes

Faktaboks

Jon Hellesnes
Født
16. september 1939
Jon Hellesnes
Jon Hellesnes er en norsk forfatter og filosof, som blant annet vant Språkprisen i 2010.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Jon Hellesnes, norsk filosof, essayist og forfattar. Han var professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø i perioden 1985–2007 og er i dag professor emeritus ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Bakgrunn

Jon Hellesnes er fødd i Arendal i Aust-Agder (no Agder), men voks opp på Sandane i Gloppen i Sogn og Fjordane (no Vestland) og på Voss i Hordaland (no Vestland). Han studerte filosofi ved Universitetet i Bergen og tok magistergraden i 1966 med avhandlinga «Sjølvkunnskap og medmenneskeforståing», der han stiller saman den engelske språkfilosofen G. Ryle og den franske filosofen og forfattaren Jean-Paul Sartre.

Akademisk karriere

Hellesnes vart tilsett som vitskapleg assistent ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen i 1967. Miljøet var prega av inntrykk frå engelsk språkfilosofi og frå tysk og fransk fenomenologi (Husserl, Merleau-Ponty), og Hellesnes tok i bruk begge tradisjonane. I 1972 vart han tilsett som universitetsstipendiat ved Universitetet i Tromsø og i 1979–2007 som professor. Han har hatt gjesteopphald ved amerikanske og tyske universitet, var professor II ved Høgskulen i Volda (2006 og 2007) og har vore knytt til det jugoslaviske Praxis-miljøet, prega av dei tyske filosofane Jürgen Habermas og Karl-Otto Apel.

Forfattarskapen

Frå 1960-åra til i dag har han vore mellom dei mest aktive filosofiske skribentane, og han sameiner brei filosofisk orientering med særeigne litterære og essayistiske grep. Sjangrane vekslar frå avhandling, via essay og romanar til avisartiklar.

Stil og sjanger

Eit originalt trekk ved Hellesnes er den vide bruken av sjangrar. Mange av essaya har innslag av fiksjon, og Hellesnes er glad i anekdotar og skrøner som kan illustrere poenga hans. Også i presentasjonen av kompliserte filosofiske termar tek han i bruk slike element, som i «Den galne grisen hans Lars Liabø og dei tre verdene hans Jürgen Habermas». Stilelement frå folkelege skildringar set dei filosofiske omgrepa i relieff, men syner òg kva dei tyder.

Forkjærleiken for saftige uttrykk som gryl, ofse, sutleprat og namn som Sture Sutle og Sjur-Olina-Guri skaper rørsle i språket. Det er òg eit av verkemidla hans i kampen mot det han oppfattar som lærd eller folkeleg toskeskap. Slik bryt han ut av den faglege isolasjonen.

Fagfilosofi

Heilt frå arbeidet med magistergraden har Hellesnes hatt evna til å kombinere impulsar frå ulike filosofiske retningar. Fagleg sett er han påverka av Jürgen Habermas, Karl-Otto Apel og Hans Skjervheim. Frå angloamerikansk språkfilosofi har han lært analysar av språk og logikk, og frå dei tyske diskurs-etikarane Apel og Habermas å stille krav til fornuftig argumentasjon. Han har òg vore oppteken av nylesingane av Marx innanfor Frankfurterskulen. Særleg skeptisk har han vore til utviklinga av teknologiske synsmåtar og praksisar i skuleverk og helsestell. Han har òg hatt sterke filosofihistoriske interesser, og har skrive om eldre filosofar som Hume, Descartes og Seneca.

Etter magistergraden kom boka Filosofi i vår tid (1968 – saman med Knut Erik Tranøy), som gir ei innføring i samtidsfilosofien. Av den fagfilosofiske forfattarskapen kan nemnast Sosialisering og teknokrati (1975), Jakta etter svikaren (1978) og Hermeneutikk og kultur. Filosofiske stubbar (1988). Ei anna gruppe bøker er knytt til omtalen av filosofiske forfattarskap: Frå Athen til Pompeii. Om Sokrates og Seneca, med merknader til Nietzsche, Heidegger og Adorno m.fl. (1997), Om Hans Skjervheim (1999) og René Descartes (1999). I tillegg har Hellesnes publisert forskingsartiklar på tysk (mellom anna i Zeitschrift für Philosophie, 1992). Hellesnes har vore ein aktiv tidsskriftskribent og var òg med i redaksjonen av det litterære tidsskriftet Basar.

Romanar

Hellesnes debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Carolus, klovnen i 1982, der handlinga er lagt til Tyskland i 1950-åra, og det komiske og teoretiske inngår i spennande kompaniskap. Hovudpersonen Karl Hausa blir funnen igjen i romanen Den postmoderne anstalten (1986), der moderne filosofiske posisjonar dannar bakgrunn for ei spennande handling. Under pseudonymet Alexander N. Wilken har han gitt ut thrillerane Arcanus-papira (2009) og Apokalypse alt no? (2016).

Essay

Frå 1980-åra og framover har Hellesnes skrive fleire essaysamlingar, og samlinga Farar i metropolis (1984) kan særleg framhevast. Seinare essaysamlingar er mellom anna Maska bak andletet (2002), Illusjon? (2004), Om livstolking (2007) og Det femte monarkiet og andre essay (2010). Eit utval er samla i Grunnane (2002). Som ein reflektert essayist gjer Hellesnes front mot postmoderne skeptisisme og relativisme på den eine sida og mot dogmatisk tru på «guruglupingar» på den andre. Blind tru på nye dogme, økonomiske modellar eller politiske utopiar møter drepande kritikk. Det er ikkje tilfeldig at «livssynsberserk» er ei av dei sjølvlaga glosene han bruker. Postmoderne relativisme ser han på som ein «bullshit»-posisjon, på nynorsk: sutleprat.

Utmerkingar

I 2010 ble Jon Hellesnes tildelt Språkprisen for bøkene Illusjon?, Om livstolking og Det femte monarki og andre essay. I 2012 vart han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Svein Sundbø: Jon Hellesnes. En kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1956–2009. Oslo 2009
  • Atle Måseide og Gunnar Skirbekk (red.): Filosofi i vår tid. Festskrift til Jon Hellesnes. Oslo 2009

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg