Faktaboks

Jojo Moyes

Pauline Sara Jo Moyes

Fødd
4. august 1969, London
Jojo Moyes

Jojo Moyes

Av /Scanpix.

Jojo Moyes er ein engelsk forfatter og journalist, kjend for ei rekke bestseljande romanar. Ho er to gongar tildelt Romantic Novel of the Year Award av Romantic Novelists' Association. Bøkene hennar er omsette til 46 språk og er selde i over 38 millionar eksemplar. Blant dei mest lesne bøkene er Me Before You-serien: Et helt halvt år, Etter deg og Fremdeles meg, som alle har den kvinnelege romanfiguren Lou Clark som hovudperson.

Bakgrunn

Pauline Sarah-Jo Moyes blei fødd i Maidstone i England i 1969. Parallelt med at ho studerte ved Royal Holloway, Universitet i London, tok ho forskjellige skriveoppdrag, og i 1992 fekk ho stipend frå avisa The Independent for å ta eit kurs i journalistikk. Dei følgjande ti åra var Moyes journalist i The Independent, for så å bli fulltidsforfattar. Ho bur med familien sin i Essex i England.

Forfattarskap

Dei tre første bokmanuskripta som Moyes sende til engelske forlag, blei alle refuserte. Det fjerde manuskriptet resulterte i ein budkonkurranse mellom fleire forlag som ville utgi boka. Frå debuten i 2002 til 2008 publiserte Moyes åtte bøker. Då forlaget hennar, Hodder & Stoughton, ikkje var interessert i å utgi romanen Et helt halvt år (originaltittel Me Before You, 2012), selde Moyes den til Penguin. I tillegg til at denne romanen blei seld i seks millionar eksemplar, førte den til at fleire av dei tidlegare bøkene også blei bestseljarar. Ein periode hadde ho tre romaner på bestseljarlista til The New York Times samtidig.

Det siste brevet fra deg

Strawberry publishing/Bonnier.

Romanforma som Moyes skriv innanfor, og som ho har bidratt til å vidareutvikle, blir gjerne kalla romanse – ein romansjanger med vekt på kjærleik, lidenskap, svik og tap. Men romanane er meir komplekse enn desse stikkorda kan tyde på. Eit illustrerande eksempel er Det siste brevet fra deg (originaltittel The Last Letter from your Lover, 2010), ein av romanane som fekk nytt liv etter at Et helt halvt år kom ut. Romanen opnar med at hovudpersonen, journalisten Ellie, leitar etter ei mulig historie i arkivet til avisa der ho jobbar. Tilfeldigvis kjem ho over eit brev frå 1960 der ein mann ber elskarinna si, Jennifer, om å forlate mannen sin. Sjølv om, eller kanskje fordi, ho sjølv har eit forhold til ein gift mann, blir Ellie fascinert av brevet – og av kjærleikshistoria ho les ut av det.

Då Jennifer vaknar opp på sjukehuset etter ei trafikkulykke i 1960, hugsar ho ingenting. Men då ho kjem heim og finn eit bortgøymt brev, framkallar brevet gradvis minnet om ein elskar ho var villig til å risikere alt for. Moyes koplar forteljingane til Ellie og Jennifer saman gjennom måtane dei begge, om enn på ulike tidspunkt og i forskjellige miljø, opplever lidenskap, bedrag og tap på. Moyes skriv medrivande – ho er dyktig til å engasjere lesarens kjensler, og element i plottet kan opplevast som sentimentale. Men mange lesarar opplever at ho også stimulerer til refleksjon og minnearbeid. Ho drar lesaren inn i plottet ved å invitere han eller henne til å relatere eigne livserfaringar – sjølv om dei kan vere mindre dramatiske – til historiene om Ellie og Jennifer. Regissøren Augustine Frizzells filmatisering av romanen i 2021 har gjort den endå meir kjend.

Et helt halvt år

Bokomslag: Et helt halvt år
Strawberry publishing/Bonnier.

Det siste brevet fra din elsker har tilknytingspunkt til Moyes' andre romanar, ikkje minst romansuksessen Et helt halvt år, som forfattarskapen til Moyes roterer rundt sidan den markerer hennar internasjonale gjennombrot.

Også i denne boka står forholdet mellom kvinne og mann sentralt, og også her viser Moyes evne til å konstruere og utvikle eit dramatisk plott som engasjerer lesaren. Romanen, eller romansen, utforskar konstrasten mellom det vi veit, og det vi ikkje kan vite. Hovudpersonen Lou Clark veit mange ting, som at ho likar å jobbe i The Buttered Tea Shop, og at ho kanskje ikkje elskar kjærasten Patrick. Det Lou ikkje veit, er at ho snart skal miste jobben sin, og at ho vil møte ein person som vil endre livet hennar radikalt.

Den andre hovudpersonen, Will Traynor, veit at motorsykkelulykka han var usett for, tok frå han ønsket om å leve. Det han ikkje veit, er at Lou snart vil kome inn i livet hans der han sit i ein rullestol. Og ingen av dei veit at kvar av dei kjem til å forandre den andre på avgjerande måtar. Moyes viser korleis det tilfeldige i livet (som motorsykkelulykka til Will) kan endre det negativt, men at det tilfeldige (som møtet mellom Will og Lou) også kan skape nye sjansar og gi personane positive erfaringar. Samtidig som Moyes dramatiserer samspelet mellom det personane veit og ikkje veit, inviterer ho lesaren til å reflektere over forholdet mellom det tilfeldige og det som kanskje ikkje er det. Romanen har også ein kjønns- og klassedimensjon. Filmversjonen av Et helt halvt år blei ein av dei mest populære filmane på norske kinoar i 2016.

Andre romanar

Karakteristiske trekk ved Et helt halvt år og Det siste brevet fra din elsker er påfallande i mange av Moyes' romanar, om enn i varierande grad og i ulike kombinasjonar. Eit eksempel er den originale måten ho brukar bildekunst på i Jenta som ble igjen (originaltittel The Girl You Left Behind, 2012). I denne romanen spelar eit gammalt portrett av franske Sophie ei sentral rolle. Den portretterte kvinna, som blir kalla «jenta som ble igjen», og som er det kjæraste hovudpersonen har etter at ho mista mannen sin, gir tittel til romanen. Samtidig som portrettet utvidar tidsspennet i boka, nyanserer det tematikken.

Romanane til Moyes har ofte romantiske innslag, men det romantiske blir nyansert og til dels utfordra gjennom originale og spenningsfylte plott der forholdet mellom kvinne og mann utviklar seg på overraskande måtar. Moyes er blitt kritisert for å skrive «lett» – slik forfattarar som skriv romanse, gjerne blir. Men ein slik kritikk treffer ikkje heilt, for Moyes viser betydeleg psykologisk innsikt i romanpersonane ho skaper, og innanfor fiksjonens rammer kan både plottet og karakteriseringa av personane vere både nyansert og truverdig. Koplingane ho gjer mellom kjønn og klasse, og mellom ulike generasjonar, kan vere både originale og innsiktsfulle. Dette er ein grunn til at bøkene hennar er blitt eksepsjonelt populære i mange land, inkludert Norge. Moyes er ein uvanleg produktiv forfattar som på ingen måte har avslutta skrivekarrieren sin.

Omsetjingar til norsk

  • Sheltering Rain (2002). Hemmeligheten. Omsett av Monica Carlsen. Oslo: Cappelen, 2003.
  • Foreign Fruit (2003). Forbuden frukt. Omsett av Monica Carlsen. Oslo: Cappelen, 2004.
  • The Peacock Emporium (2004). Påfuglemporiet. Omsett av Monica Carlsen. Oslo: Cappelen, 2013.
  • The Ship of Brides (2005). Over havet. Omsett av Truls Horst Kopperud. Oslo: Cappelen, 2007.
  • The Last Letter from your Lover (2008). Det siste brevet fra deg. Omsett av Eva Ulven. Oslo: Bastion, 2021.
  • Me Before You (2012). Et helt halvt år. Omsett av Elisabeth Haukeland. Oslo: Bastion, 2013.
  • The Girl You Left Behind (2012). Jenta som ble igjen. Omsett av Svein Svarverud. Oslo: Bastion, 2019.
  • The One plus One (2014). Den ene pluss en. Omsett av Elisabeth Haukeland. Oslo: Bastion, 2015.
  • After You (2015). Etter deg. Omsett av Elisabeth Haukeland. Oslo: Bastion, 2016.
  • Still Me (2018). Fremdeles meg. Omsett av Kjersti Velsand. Oslo: Bastion, 2018.
  • The Giver of Stars (2019). Over horisonten. Omsett av Eva Ulven. Oslo: Bastion, 2019.

Novellesamlingar

  • Paris for One and Other Stories (2015)

Filmatiseringar/adaptasjonar

  • Me Before You (2016). Regissert av Thea Sharrock, basert på romanen Et helt halvt år.
  • The Last Letter from Your Lover (2021). Regissert av Augustine Frizzell, basert på romanen Det siste brevet fra deg, distribuert av Netflix.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg