John G. Bernander

Faktaboks

John G. Bernander
Født
22. september 1957, New York, USA
John G. Bernander i 2016.
John G. Bernander (2016)
Av /NTB.

Artikkelstart

John Gordon Bernander er ein norsk næringslivsleiar og politikar, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og kringkastingssjef i NRK.

Bakgrunn

John G. Bernander er fødd i New York og voks opp i Brooklyn og Kristiansand. Han var elev ved Kristiansand handelsgymnas frå 1973 til 1976 og tok Sjøkrigsskolen i Bergen frå 1976 til 1977. Deretter studerte han jus ved Universitetet i Oslo og blei cand. jur. i 1982.

Han arbeidde som advokat fram til 1993, då han blei viseadministrerande direktør i Assuranceforeningen Gard i Arendal, frå 1995 administrerande direktør same staden. Han var kringkastingssjef i NRK frå 2001 til 2007 og direktør i NHO frå 2009 til 2012. Frå 2012 er han sjølvstendig næringsdrivande. Frå 2015 til 2020 var han styreleiar for Talent Norge, eit talentprogram for unge kunst- og kulturutøvarar. Bernander er sidan 2016 styremedlem i mediekonsernet Amedia AS.

Politisk karriere

Av /Stortingsarkivet.

Bernander var formann i Kristiansand Unge Høgre frå 1974 til 1975, medlem av Kristiansand bystyre frå 1980 til 1989 og av formannskapet frå 1980 til 1985. Han var personleg sekretær i Industridepartementet frå 1985til 1986 og formann i Vest-Agder Høgre frå 1988 til 1989, og han representerte Høgre i Vest-Agder på Stortinget i perioden 1989 til 1993. Bernander var nestleiar i Høgre frå 1991 til 1994, men tok ikkje attval verken til Stortinget i 1993 eller i partileiinga i 1994. Han var medlem av sentralstyret i Høgre frå 1988 til 1997 og formann i valkomiteen i Høgre i 1999, men har sidan ikkje hatt sentrale politiske verv.

Kringkastingssjef

I samband med tilsetjinga som kringkastingssjef i 2001 blei det lagt vekt på Bernander si leiarrøynsle frå næringslivet og rikspolitikken, men det blei òg peika på at han ikkje hadde mediebakgrunn.

Som kringkastingssjef var han, saman med TV2-sjef Kåre Valebrokk, ein aktiv pådrivar for å byggja ut det digitale bakkenettet som erstatning for det analoge sendenettet. Saman med Telenor grunnla dei selskapet Norges televisjon (NTV) som sto for utbygginga av det nye sendenettet. Det digitale bakkenettet vart teke i bruk i 2007, kort tid etter at Bernander forlet NRK. På tampen av NRK-karrieren fekk han oppleva at den nye fjernsynskanalen for mindreårige, NRK Super, tok til å senda.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg