Faktaboks

John Updike
John Hoyer Updike
Uttale
ˈʌpdaik
Fødd
18. mars 1932, Reading, Pennsylvania, USA
Død
27. januar 2009, Danvers, Massachusetts, USA
John Updike (1986)

John Updike var ein amerikansk forfattar og kritikar. Han var fødd og oppvaksen i byane Shillington og Reading i Pennsylvania. Som forfattar var han ein av dei mest produktive i sin generasjon og ein meister i mange sjangrar, mest kjend for dei fire romanane om den amerikanske gjennomsnittsmannen Harry ”Rabbit” Angstrom: Rabbit Run (1960), Rabbit Redux (1971), Rabbit Is Rich (1981) og Rabbit at Rest (1990).

Mannen og stilen

Updike er uløyseleg knytt til vekemagasinet The New Yorker. Frå debuten i 1954 var han på trykk i bladet i alt 862 gonger, med mellom anna 327 bokmeldingar, 170 noveller og 154 dikt. Etter kvart skreiv han òg tekstar om bøker og biletkunst for The New York Review of Books, som vart samla undervegs i tjukke essaysamlingar. I alt publiserte han rundt seksti bøker. Midt på 1990-talet spurde den yngre forfattaren David Foster Wallace seg sarkastisk om Updike nokon gong hadde hatt ”éin upublisert tanke”.

For mange står Updike som den mest merkverdige prosastilisten i etterkrigstida. Gjennom åra må han iallfall ha skrive fleire oppfinnsamt lyrisk-realistiske setningar enn nokon annan amerikansk forfattar sidan Henry James (1843–1916). Han observerte det fullstendig normale liv med fullstendig presisjon, og han var ein meister i å plassere det overraskande rette ordet på den overraskande rette staden, som då Rabbit i Rabbit Is Rich minnest familien sine lange sommerlege køyreturar frå det heimlege Pennsylvania ut til kysten, og tenkjer på korleis ”de flate små byene i New Jersey kastet tilbake mot ham forvrengte ekko av hans egen by, hans eget liv, og gjorde det sløvende klart for ham at hans liv var en skrøpelig ting, omtrentlig etterlignet millioner av ganger i omgivelser der hus og verandaer og trær gjorde narr av hans egen hjemby og bidro til andre små gutters illusjoner om at deres sjel var sentral og viktig og usynlig avholdt”.

Updike verka alltid ekstatisk fornøgd med verda slik ho var, og han utstrålte ei stadig lykke over at ho gav han stadig nye ting å skildre. Ein slik sorglaus aksept kunne vere provoserande når han allereie i Rabbit Run fann det for godt å leggje inn lange og ofte pinleg deromantiserte sex-skildringar – Foster Wallace siterer òg ein kvinneleg venn som tenkjer på Updike ”som ein penis med synonymordbok” – eller når han var for oppteken med å gje, som han sa det, ”det ordinære det det vakkert har krav på”.

Bøkene om Rabbit

Rabbit er basketballstjerna frå high school som har gifta seg for ung, med ei kone som ikkje heilt er den rette, og som virrar rundt på ei vaken og nysgjerrig, men aldri særleg dristig, jakt etter noko som kan minne om den større fridomen, ungdomen og lykka som idrettskarrieren nokre augneblink hadde gjeve han. Han er uansvarleg og rotete, men med akkurat nok sjarm til å halde seg flytande i Rabbit Run; halvhjarta med på det seine 1960-talets utsvevingar i Rabbit Redux; ein sedat, men framleis vagt rastlaus og årvaken bilseljar i Rabbit is Rich; og overvektig og i mjukt resignert forfall mot ein for tidleg død i Rabbit at Rest. Dessverre er han berre lett sakna og mint i epilogen om den vidare lagnaden til barna, Rabbit Remembered (2001).

Rabbit er den unike gjennomsnittsmannen i amerikansk litteratur. Han er ingen outsider og har ingen intellektuelle ambisjonar, men låner opphavsmannen sin sensibilitet i forholdet til verda: ”Det eg såg gjennom Rabbits auge, var ofte meir verd å fortelje enn det eg såg gjennom mine, sjølv om skilnaden var litensa den Harvard-utdanna Updike ein gong. Trass i tilknytinga til New Yorks leiande kulturmagasin, kunne han vere nesten arrogant i anti-elitismen sin: ”Når eg skriv, rettar eg ikkje tankane mot New York, men mot ein vag stad litt aust for Kansas. Eg tenkjer på bøkene på bibliotekhyllene, utan omslag, mange år gamle, og på ein landsens tenåringsgut som tek dei ned og synest dei snakkar til han”.

Kritikk

Saman med Norman Mailer, Saul Bellow og Philip Roth, var John Updike sin generasjons mest berømte forfattar, og han fekk mange litterære prisar, mellom anna Pulitzer-prisen for begge dei siste Rabbit-bøkene. Han har sjølvsagt òg blitt kritisert: for å ha for kvardagslege og alminnelege idear, for å vere relativt konservativ politisk, eller iallfall ikkje-radikal, og for å vere kristen på ein fullstendig ikkje-tvilande, nærmast bedageleg, vanleg-protestantisk måte. For ein forskar som Harold Bloom, er Updike ein ”liten romanforfattar med ein stor stil […], og det amerikansk sublime vil aldri kome i kontakt med hans boksider”. For kritikaren James Wood er det eit problem at Updike finn same grad av sensualitet i alt frå ”eit kvinnebryst til ein avokado”, og at han trass i sine teologiske interesser og lærdom ikkje var i stand til å framstille korkje glødande tvil eller brennande tru, men alltid måtte vere så fordømt, og komfortabelt, heime med Gud og universet.

Alt dette kan ha noko for seg, men korkje novellene eller romanane er særleg idylliserande eller sjølvfornøgde. I forordet til dei samla tidlege novellene sine kjem Updike med følgjande sjølvkarakteristikk: ”Misnøye, konflikt, bortsløste moglegheiter, sorg, frykt – dette er dei verdige, uunngåelege temaa. Men hjarta våre forventar lykke, som den underliggjande norma. […] Ved gjenlesing fann eg ingen mangel på glede i desse historiene, men ho kjem i form av augneblink i staden for månader, og ingen mangel på kjærleik og godvilje blant personane som er fanga i den menneskelege tilstanden av avgrensing og dødelegheit”.

Meir treffande enn Wood og Bloom er kanskje den britiske litteraturforskaren Tony Tanner når han seier at sjølv om Updike stadig verkar til å skrive ”djupt sjølvbiografiskgir han aldri inntrykk av å vere fanga i sitt eige sjølv, slik så mange andre amerikanske forfattarar er det”. Ein annan brite, forfattaren Julian Barnes, meinte ved Updikes død at Rabbit-bøkene framleis utgjorde den beste amerikanske etterkrigsromanen. For Barnes behøvde ikkje framtidige historikarar som ville vite korleis etterkrigstidas USA ”var, lukta, kjendest og betydde”, mykje anna materiale enn dette eine store verket.

Andre bøker

Ved sidan av Rabbit-bøkene og novellene skil den vesle sjølvbiografiske romanen Of the Farm (1965) seg ut. Couples (1968) vekte oppsikt med skildringa si av den utglidande seksualmoralen i tida, medan Roger's Version (1986), og The Beauty of the Lilies (1996) tek opp religiøse tema. I fleire komiske novellesamlingar utforskar han livet til den jødiske forfattaren Henry Bech, som dels er eit sjølvportrett, dels ei parodisk blanding av Philip Roth, Norman Mailer og andre jødiske samtidsforfattarar.

Bøker om Updike

Updike skreiv ein sjølvbiografi, Self-Consciousness (1989), der han mellom anna diskuterer problema sine med psoriasis og stamming. Forfattaren Nicholson Baker har skrive om sitt eige oppslukte forhold til Updike og bøkene hans i U and I (1991). I 2013 kom Adam Begleys biografi Updike.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • The Cambridge companion to John Updike, 2006 (Cambridge companions to literature)

Kommentarar (4)

skreiv John Erik Bøe Lindgren

Hvem har oversatt sitatene? Er det Bjerck Hagen selv? Det bør vel kanskje oppgis?

svarte Hans H. Skei

Det kan bare Bjerck Hagen svare på, men siden sitatene er fra kritikere/lesere som har uttalt seg om Updike, er det rimeligvis artikkelforfatteren som har oversatt. Sitater fra skjønnlitteratur hentes fra bøker oversatt til norsk. H.H.Skei

svarte John Erik Bøe Lindgren

Det var de skjønnlitterære sitatene jeg tenkte på. Bør ikke oversetteren krediteres?

skreiv Hans H. Skei

Som oversetter selv er jeg langt på vei enig, men det er vanskelig å få gjort det i løpende tekst. Derimot bør litteraturlisten ha oversikt over norske utgaver, og da med oversetterens navn. Praksis har variert - stort arbeid å få alt på plass.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg