Johannes Skar

Faktaboks

Johannes Skar
Født
18. november 1837, Øyer, Innlandet
Død
3. februar 1914, Bygland, Agder

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Johannes Skar
Av /NTB Scanpix ※.

Johannes Skar

/Lokalhistoriewiki.
Lisens: fri

Artikkelstart

Johannes Skar var ein norsk folkeminnesamlar som gav ut åtte band med Gamalt or Sætesdal.

Bakgrunn

Johannes Skar var fødd i Øyer i Oppland (no Innlandet) og døydde i Bygland i Aust-Agder (no Agder). Han var bror til Matias Skard. Han tok examen artium ved latinskulenLillehammer i 1859 og fullførte andreeksamen ved universitetet i Kristiania i 1860. Han hadde tenkt å studere filologi, men måtte slå det frå seg på grunn av sjukdom. Åra 1864–1871 arbeidde han med nokre avbrot som huslærar i Ullensaker, Haus i Nordhordland og i Østerdalen. I 1871–1873 dreiv han «friskule» i Gausdal, ein slags folkehøgskule for born.

Folkeminnearbeid

Skar var merkt av grundtvigianismen og folkehøgskuletanken. I skuletida på Lillehammer vart han kjend med Christopher Bruun, og venskapen med Bruun, som seinare vart gift med syster hans, varte livet ut.

I 1873 reiste han etter oppmoding frå Vonheimkrinsen til Setesdal for å leite etter meir fullstendige versjonar av «Draumkvedet». Det mislukkast, men han vart oppteken av den gamle kulturen i dalen og vende attende året etter, livnærte seg som blekksmed og lærar, i tillegg til å samle folketradisjon. I 1879 vart han kjend med Moltke Moe, som vart ein god rettleiar og hjelpesmann i innsamlingsarbeidet.

I åra 1883 til 1896 var Skar borte frå Setesdal, var lærar og dreiv med bladarbeid. Mykje av denne tida budde han i Gausdal. Mellom anna underviste han på Vonheim og var eit par år huslærar for borna til Bruun.

1897 fekk Skar statsstipend og vende attende til Setesdal. Med hjelp frå Moe førebudde han omhugsamt utgivinga av det tradisjonsmaterialet han hadde samla. I 1903 kom første bandet av Gamalt or Sætesdal på eige forlag, dei sju andre banda kom ut hos Olaf Norli. Då Skar døydde, sytte Knut Liestøl for prentinga av dei to siste banda. Føremålet med verket var ikkje først og fremst vitskapleg, men å vise for setesdølane og andre den verdien som låg i den gamle folketradisjonen.

Skar gav òg ut Visknut (1876, ny utgåve 1898), ei bok om Knut Rasmusson Nordgarden, og Soga om Justinus Martyr, kyrkjefaderen (1904). Då han døydde, arbeidde han med ei bok om Søren Kierkegaard.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Didrik Arup Seip: «Johannes Skar», Maal og Minne 1914
  • Ola O. Bø: Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
  • Olav Bø: Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Sætesdal». Oslo1953
  • Knut Liestøl: «Sagnfortælling i Sætesdal», Maal og Minne 1913
  • Sigmund Skard: Det levande ordet. Ei bok om Matias Skard. Oslo 1972
  • Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg