Johannes Lavik

Faktaboks

Johannes Lavik
Født
1. februar 1856, Osterøy
Død
14. februar 1929, Bergen
Johannes Lavik
Av .

Johannes Lavik var ein norsk avisredaktør og ihuga talsmann for målsaka.

Han budde i Minneapolis i USA frå 1878 til 1882, der han mellom anna arbeidde som lærar. Etter å ha vendt tilbake til Noreg tok han filologisk embetseksamen i 1886 i Kristiania. I perioden frå 1888 til 1890 dreiv han saman med Paul Bergh ein «studentfabrikk» på Voss. «Studentfabrikken» hadde der same føremålet som den meir kjende Heltbergs «studentfabrikk» i Kristiania på den tida, nemleg å gjera studentane i stand til å ta examen artium på kortare tid enn det som elles var vanleg på gymnasa.

Lavik var redaktør i Firda frå 1890 til 1893 og redaksjonssekretær i Bergens Tidende frå 1894 til 1904, då han vart redaktør og grunnleggiar av Gula Tidend i Bergen. Bladet var i åra framover viktigaste organet for målfolk på Vestlandet. Lavik var redaktør i Norges Bondelag sitt organ Bondebladet frå 1919 til 1925.

Herbrand Lavik var son til Johannes Lavik.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg