Johannes Helleland

Faktaboks

Johannes Helleland
Født
10. desember 1840, Ullensvang, Vestland
Død
3. februar 1913

Artikkelstart

Johannes Helleland var ordførar og stortingsrepresentant for Venstre. Han starta den første folkehøgskulenVestlandet og var ei drivkraft i opplysningsarbeidet i 1870- og 80-åra, trass i mykje motgang.

Bakgrunn

Johannes Helleland var fødd i Ullensvang i Søndre Bergenhus amt (no Vestland). Han gjekk på Stord lærarskule i 1862–1864.

Karriere

I Ullensvang var han ordførar for Venstre 1879–1904 (med avbrot i to år), og vararepresentant i 1882–1888 og stortingsrepresentant i 1889–1891. Ullensvang Folkehøgskule på Solbakken på Lofthus vart skipa i 1869. Der var han styrar i 29 år. Ullensvang Privatbank i Opedal vart skipa i 1870. Den styrte han til 1913. Han var redaktør for bladet Hardangeren 1872–1877 og den første formannen i Ullensvang Ungdomslag 1892–1904.

Helleland støtta Johan Sverdrup i kyrkjestriden i 1888. Det kosta han stortingsplassen ved neste val. Skulen hans fekk få elevar og vart lagd ned i 1898. Embetsmenn gjorde narr av det radikale kristendoms- og målsynet hans, som likevel fekk gjennomslag både i embetsverket og i skulen i åra som kom.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga, bd. 2. Odda 1962

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg