Johannes Haarklou

Faktaboks

Johannes Haarklou
Født
13. mai 1847, Førde, Sunnfjord
Død
26. november 1925, Oslo
Av /Oslobilder.

Artikkelstart

Johannes Haarklou var ein norsk komponist, organist og musikkritikar som var sentral i norsk musikkliv i perioden frå 1880 til 1925. Han komponerte operaer, kjempa for operasaka og var ein skarp musikkskribent og kritikar i hovudstaden.

Haarklou tok lærareksamen i 1868. Han studerte så komposisjon med Christian Cappelen og Ludvig Mathias Lindeman i Oslo. Frå 1873 til 1874 studerte han med Ernst Friedrich Richter, Salomon Jadassohn og Hermann Kretzschmar ved musikkonservatoriet i Leipzig og med Friedrich Kiel, August Bungert og August Haupt ved Hochschule für Musik i Berlin i 1876.

Haarklou var organist i Gamle Aker kirke frå 1882 til 1920. Med statleg stønad heldt han frå 1883 til 1888 populære symfonikonsertar i Arbeidersamfundets sal i Oslo.

Frå 1889 til 1896 verka han som lærar ved konservatoriet i Oslo og var samtidig musikkmedarbeidar i Dagbladet, Fri Presse og Morgenposten.

Johannes Haarklou fekk komponistgasje i 1910 og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1911. I 1927 vart det reist ein bauta med portrettmedaljong på farsgarden Haarklou. Han fekk «Haarklous plass» oppkalla etter seg på Torshov i Oslo i 1929.

Blant dei nær 130 verka Haarklou komponerte, finst det fem operaer, mellom dei Marisagnet og Tyrfing, det første norske oratoriet, Skabelsen og Mennesket, til tekst av Henrik Wergeland, fire store orgelverk, fire symfoniar, ei rekkje romansar og ein fiolinsonate. For mannskor er særleg «Varde» og «Tord Foleson», til tekst av Per Sivle, mykje omtykte.

Verk (utval)

Symfoniar

  • B-dur (1883)
  • d-moll (1893)
  • C-dur (1918)
  • Ess-dur (1920-1922)

Orkesterverk

  • I Westminster Abbey (1900)
  • St. Olavs-legenden (1897, 1909)
  • fiolinkonsert
  • fiolinsonate i g-moll (1891)
  • fiolinromanse
  • to orgelsymfoniar (d-moll 1916, d-moll 1924)

Oratorium

  • Skabelsen og Mennesket, tekst frå Wergelands epos (1880, 1890, revidert om lag 1923)

Opera

  • Fra gamle Dage (1894)
  • Væringerne i Miklagard (1901)
  • Emigranten (1907)
  • Marisagnet (1909)
  • Tyrfing (1912, ikkje oppført)

Anna

Haarklou skreiv også ei rekkje mindre orgel- og klaververk, 50 romansar, songar for blanda kor og mannskor.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Benestad, Finn: Johannes Haarklou: mannen og verket, 1961
  • Benestad, Finn m.fl., red.: Norges musikkhistorie, b. 3, 1999, 207-17, isbn 82-03-22402-4
  • Gaukstad, Øystein: «Haarklou-bibliografi» i Norsk musikkgranskning 1947/50, 56-79
  • Sandvik, O.M. & Gerh. Schjelderup, red.: Norges musikhistorie, b. 2, 1921

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg