Faktaboks

Johanna Bugge Berge
Fødd
1. oktober 1874, Kristiania (no Oslo)
Død
26. november 1961, Skien
Johanna Bugge Berge
Johanna Bugge Berge
Av /Digitalt Museum 𝒲.

Johanna Bugge Berge var ein kulturarbeidar og kunstnar som henta motiva sine frå natur, folkeliv og folkekunst i Telemark.

Bugge Berge utdanna seg som teiknar ved Den kongelige Tegneskole i 1891. Seinare vart ho elev av Harriet Backer, Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Vinteren 1896/97 studerte ho i Roma. Ho måla portrett og landskap, og ho var illustratør for fleire samlingar av folkeminne. I 1898 var Bugge Berge for første gong med på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga), og ho var òg med i 1902, 1905 og 1910. I 1900 var ho med på verdsutstillinga i Paris.

Bugge Berge utmerkte seg særleg som portrettmålar. Ho måla mellom anna Løvenskiold-familienFossum i Gjerpen og dei ni første fylkesmennene i Telemark. Tingsalen i Fylkeshuset i Skien er òg dekorert av Bugge Berge, med motiv frå natur, kultur og folkeliv i Telemark.

Saman med ektemannen, Rikard Berge, som var folkekulturgranskar, gav ho ut fleire bøker med tradisjonsstoff. Ho illustrerte òg bøker med norsk folkekunst. Eit døme finst i boka Norske eventyr og sagn. Optegnet av Sophus Bugge og Rikard Berge. Illustrert med norsk folkekunst av Johanna Bugge Berge. Sophus Bugge var far til Berge Bugge.

I 1918 gav Bugge Berge ut boka Sømkunst i norske bygder, ei samling av prydsaummønster frå norsk folkekunst.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarne Karsten Nenseter: «Johanna Bugge Berge», Telemark Historie 1993

Faktaboks

Johanna Bugge Berge
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036540001120

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg