Faktaboks

Johann Baptist Waṅhal

Wanhal, Vanhal, Jan Křtitel Vaňhal

Uttale

Vann'hall

Fødd
12. mai 1739, Neu-Nechanitz, Böhmen (i dag Nechanice, Tsjekkia)
Død
20. august 1813, Wien, Austerrike
Johann Baptist Waṅhal
Portrett av Waṅhal, frå 1792.
Av /Gesellschaft der Musikfreunde.

Johann Baptist Waṅhal var ein böhmisk-austerriksk komponist, og er rekna som ein av dei viktigaste mindre kjende komponistane i wienerklassisismen. Han er kjend som den fyrste komponisten i Wien som livnærte seg utan å vera tilsett av dei tradisjonelle mesenane for komponistar: aristokrati, kyrkje og teater.

Biografi

Waṅhal var fødd inn i liveigenskap, men fekk likevel utvikle seg som musikar. Frå slutten av tenåra hadde han mindre stillingar som kyrkjemusikar. Tidleg på 1760-talet blei han hyra som fiolinist av adelsslekta Schaffgotsch, som i 1763 tok han med til Wien. Her etablerte han seg raskt som komponist og musikklærar, og fekk kjøpt seg or liveigenskapen. I dei fyrste åra i byen knytte han nære band til den jamgamle komponisten Carl Ditters von Dittersdorf.

I 1769 blei Waṅhal hyra som kapellmeister av baron Isaac Wolfgang von Riesch frå Dresden. Åra 1769–1771 oppheldt han seg i Italia på baron Riesch si rekning. Der han skulle lære seg å skriva opera i moderne stil. Han kom attende til Wien i 1771, men reiste aldri vidare til Dresden. I åra etter arbeidde han i staden mykje for fyrst Ladislaus Erdödy, og oppheldt seg vekselvis i Wien og på landeigedomane til Erdödy-familien i Varaždin i Kroatia. Somme kjelder hevdar at han på denne tida fekk eit mentalt samanbrot, men bevisgrunnlaget for dette er tynt. Trass i at han aldri var tilsett i kyrkja i vaksen alder, byrja han på denne tida med ein storstilt produksjon av kyrkjemusikk.

Etter 1780 arbeidde Waṅhal som frilansar, utan å vera formelt knytt til nokon mesen. Han slutta på dette tidspunktet å skriva symfoniar og strykekvartettar, verk få hadde økonomiske og musikalske ressursar til å få framført. I staden skreiv han i all hovudsak pedagogisk klavermusikk og kammerverk for små ensemble. Desse blei spreidde gjennom musikktrykkeria, som fyrst no etablerte seg i Wien. Fokuset på enkel, pedagogisk musikk har skadd ettermælet hans, men gjorde det mogleg for han å livnæra seg som komponist og musikklærar utan noka formell stilling knytt til kyrkja, operaen eller eit adelshoff. Han var svært populær som komponist på 1780- og 1790-talet, men mot slutten av livet hans gjekk musikken hans av moten. Dei siste leveåra skreiv han difor hovudsakleg orgelmusikk til kyrkjeleg bruk.

Waṅhal var av samtida kjend som ein ærleg, rettskaffen og generøs mann. Enkelte kjelder hevdar at det mentale samanbrotet hans gjorde han til religiøs fanatikar, men det eksisterer ingen prov for dette. Han var respektert av både Joseph Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart. Dei framførte båe musikken hans, og i 1784 spela han jamvel i ein strykekvartett saman med dei to og Dittersdorf.

Musikalsk produksjon

Waṅhal etterlét seg eit stort musikalsk forfattarskap som framleis ikkje er fullstendig katalogisert.

Han er meir enn noko kjend som symfonikar, og 77 symfoniar er tilskrivne han. Både symfoniane og dei 53 strykekvartettane hans var lytta til i heile Europa. Den engelske musikkskribenten Charles Burney nemner til dømes at symfoniane til Waṅhal var kjende i London tidlegare enn symfoniane til Haydn.

Heile 12 av symfoniane til Waṅhal er i moll – fleire enn nokon annan komponist i Wien – og han blei tidleg kjend for å skriva musikk i ein vill, eksentrisk stil. Somme har meint at verka som var skrivne etter det påståtte samanbrotet hans var svakare enn dei tidlege verka. Etter kvart som ein har blitt betre kjend med produksjonen hans, har dette blitt vanskelegare å akseptera. Waṅhal skil seg frå samtidige komponistar i Wien ved at dei seinare symfoniane hans gjerne berre har tre satsar: Han droppa menuetten som var vanleg som tredjesats. Dette var mest sannsynleg gjort av di han ville gjere dei andre satsane større og meir innhaldsrike, men samstundes unngå at symfoniane blei for lange.

Waṅhal hadde ein enorm produksjon av pedagogisk klavermusikk og mindre kammerstykke. Blant desse kan ein trekkje fram dei meir ambisiøse klaververka hans som toneset handlingar frå revolusjonskrigane og Napoleonskrigane. Kyrkjeverka hans omfattar 53 messer og om lag 200 mindre kyrkjeverk – meir enn nokon annan samtidig komponist i Wien.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg