Johan Wilhelm Eide

Faktaboks

Johan Wilhelm Eide
Født
13. oktober 1832, Stryn, Vestland
Død
2. november 1896, Bergen, Vestland

Artikkelstart

Johan Wilhelm Eide var ein norsk boktrykkjar, aviseigar og forleggjar. Han starta Bergens Tidende i 1868, kjempa mot byråkrati, embetsmannsvelde og pietisme. Han støtta òg den framveksande målrørsla.

Bakgrunn

Johan Wilhelm Eide var fødd i Stryn i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han reiste i 1849 til Bergen og gjekk i boktrykkjarlære hos F.D. Beyer. I 1958 reiste han til Tyskland og Sveits for å lære meir. Han vende tilbake til Bergen i 1964, tok borgarskap som boktrykkjar og vart faktor i H.J. Geelmuydens Enkes Officin.

Avisarbeid og forlag

1. mai 1867 starta han sitt eige prenteverk. 2. januar 1868 tok han til å gi ut avisa Bergens Tidende. Avisa skulle skaffe arbeid for trykkjeriet, men han starta ho like mykje av idealistiske grunnar. Den første tida redigerte han avisa stort sett sjølv, og Bergens Tidende vart eit talerøyr for middelstandens handverkarar og vanlege borgarar. Avisa kjempa mot byråkrati, embetsmannsvelde og pietisme. Det var til tider vanskeleg å sikre drifta, men i 1893 kunne Eide kjøpe den konkurrerande Bergensposten, som var skipa i 1855. Året etter vart avisene slått saman.

Sidan 1869 hadde Eide også drive som forleggjar i beskjeden skala. Forlaget var prega av dei same ideane som Bergens Tidende. Eide var med i Vestmannalaget frå laget vart skipa i 1868, og både avisa og forlaget støtta opp om målreisinga.

Han var ein moderne arbeidsgivar. I 1880-åra innførte han ni timars arbeidsdag og gav arbeidarane sommarferie. Han var songar og kordirigent og sat i bystyret frå 1887.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl mfl. (red.): Norsk presses historie, bd. 1–4. Oslo 2010
  • K. Fasting: Den gamle by og den unge boktrykker, Bergen 1964
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. (Kap. «'Tvillingene' Bergens Tidende og Vestmannalaget»). Bergen 1978
  • Odd Strand: Bergensk presse i tre århundrer. Bergen 1999

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg