Faktaboks

Joanna Baillie
Fødd
11. september 1762, Hamilton, Skottland
Død
23. februar 1851, Hampstead, England
Joanna Baillie
Av .

Joanna Baillie var ein skotsk diktar og dramatikar som hadde høg status i si eiga samtid, medan ho i dag er mest hugsa for sine bidrag til gjenoppdaginga av skotske balladar og folkevisetradisjonar. Sjølv om ho levde store delar av livet i England, og skreiv mykje på engelsk, er der også mange spor etter skotske dialektar i dikt og songar.

Bakgrunn

Faren James Baillie var teolog, prest og universitetsprofessor i Glasgow, medan mora Dorothea Hunter hadde to brødre og ein son som vart berømte legar, og ei svigerinne som var diktar. Baillie sjølv skal ha vore lite interessert i bøker som barn, ifølgje sine eigne nedskrivne familieminne, men då ho og søstera vart send på kostskule frå tiårsalderen, fekk ho omsider sans for mange fag. Aller mest likte ho skriving og drama, som vart både yrke og hobby for resten av livet.

Litterære vener

Joanna og søstera Agnes gifta seg aldri, og levde eit langt liv saman i Hampstead, London. Med ein solid posisjon i den litterære verda var dei vener med andre kjende diktarar som Walter Scott, Anna Laetitia Barbauld, Maria Edgeworth og William Wordsworth. Den som kanskje inspirerte Baillie mest til å satse på skrivinga var tanta, Anne Hunter, som sjølv gav ut dikt og hadde ein litterær salong i London.

Dikt og skodespel

Heile livet arbeidde Joanna Baillie innanfor to sjangrar, lyrikk og drama. Den første boka ho gav ut var ei diktsamling, men berre få år seinare starta ho på eit stort dramatisk verk, Plays on the Passions, som vart utgitt over fjorten år. Ho skreiv i alt 27 skodespel og fleire diktsamlingar, og fekk sine samla verk gitt ut like før ho døde, over 60 år etter den første boka.

Romantisk dikting

Joanna Baillie
Joanna Baillie tegnet av Mary Ann Knight ca. 1825.
Av /Scottish National Portrait Gallery.
Lisens: CC BY NC 3.0

Baillie la sjølv stor vekt på dramatikken, men ettertida har hatt mest sans for lyrikken. Ho var ein tidleg romantisk diktar som skreiv om naturen og livet på landet fleire år før William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge gav ut si seinare så kjende felles samling Lyrical Ballads (1798). Ho hadde også den same interessa for folkeleg kultur og språk som dei og andre samtidige diktarar, og for henne var det ikkje minst forankra i det skotske.

Utvalde verk

  • 1790 Poems
  • 1798 – 1812 Plays on the Passions
  • 1836 Dramatic Poetry
  • 1851 The Dramatic and Poetical Works of Joanna Baillie

Bibliografi

  • Jennifer Breen, The Selected Poems of Joanna Baillie (2000)
  • Judith Slagle, Joanna Baillie: A Literary Life (2002)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg