Joachim Rønneberg

Faktaboks

Joachim Rønneberg
Joachim Holmboe Rønneberg
Født
30. august 1919, Borgund i Ålesund, Møre og Romsdal
Død
21. oktober 2018
Joachim Rønneberg
Bilete frå eit intervju BBC gjorde med Joachim Rønneberg i september 1945. Først etter krigen – og etter atombombinga av Hiroshima og Nagasaki, gjekk betydninga av Vemork-aksjonen opp for Rønneberg.
Joachim Rønneberg
Av /Privat.

Artikkelstart

Joachim Rønneberg var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen som i åra 1941–1945 var medlem av Kompani Linge. Han leidde mellom anna sabotasjegruppa Gunnerside, som sprengde tungtvassanlegget på Vemork ved Rjukan, ein aksjon som seinare vart kjend som tungtvassaksjonen. Seinare leidde Rønneberg sabotasjeoppdrag i TafjordfjellaSunnmøre.

Bakgrunn og tidlege krigsår

Joachim Rønneberg var fødd i Ålesund i Møre og Romsdal. Han reiste som 20-åring til England med fiskeskøyta M/B «Sigurd» i mars 1941 for å kunne kjempe mot den tyske okkupasjonsmakta. Der melde han seg for sjefen for Linge-kompaniet, sunnmøringen Martin Linge. Han fekk grundig trening, og etter kort tid vart han plukka ut til ein serie med kurs som resulterte i at han vart den første norske instruktøren i sprenging og sabotasje ved det britiske treningssenteret i det skotske høglandet. Rønneberg var oppvaksen med friluftsliv og speidarliv i Ålesund, og denne kunnskapen kom godt med i krigsåra.

Sabotasjeaksjon på Rjukan

Klingenberg kino under premiera på filmen Kampen om tungtvannet. Frå venstre Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson - som kong Haakon handhelsar på. Til høgre for han Arne Kjelstrup. Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 NO.

.
Lisens: fri

Hausten 1942 vart Rønneberg trekt inn i planlegginga av aksjonar mot tungtvassproduksjonenVemork ved Rjukan. Han vart utpeika som leiar for sabotasjegruppa som fekk kodenamnet Gunnerside, som skulle prøve å sprengje sjølve anlegget. Midt i februar 1943 hoppa Rønneberg og resten av gruppa Gunnerside ut over Hardangervidda i fallskjerm og slutta seg til ei gruppe som allereie hadde lege på vidda ei tid for å førebu aksjonen.

Natta mellom 27. og 28. februar leia fenrik Rønneberg sjølve angrepet. Dei tok seg ned til tungtvassfabrikken utan å verte oppdaga, der sprengingsgruppa tok seg inn i fabrikken og fekk plassert ladningane og tent lunta. Dei kom seg òg usette ut att og i skjul før eksplosjonen utløyste alarmen. Ingen skot vart avfyrt frå sabotørane si side. Eksplosjonen sette anlegget ut av drift i fleire månader.

Etter aksjonen kom dei seg opp på fjellet att, og Gunnerside-gruppa gjennomførte ein 14 dagars skitur til Sverige i temperaturar ned mot –20 °C. Frå Sverige kom dei seg raskt tilbake til Storbritannia. Heller ikkje på denne turen vart dei oppdaga, og heile oppdraget vart gjennomført slik det var planlagt. Nyheita om aksjonen gjekk over heile den frie verda utan at betydninga av ho kunne avslørast i full breidde. På alliert hald vart sprenginga av tungtvassfabrikken på Rjukan karakterisert som den mest perfekt gjennomførte sabotasjeaksjonen i okkupert område under heile krigen.

Sabotasjeaksjon mot Raumabanen

Etter nokre månader i Storbritannia vart Rønneberg gitt nye oppgåver i Noreg, no som leiar for operasjon Fieldfare. Planlegginga starta i oktober 1943, og målet var å bryte jernbanesambandet gjennom Romsdalen til Åndalsnes. Rønneberg skulle saman med Linge-karane Birger Strømsheim og Olav Aarsæther rette angrep mot Raumabana.

Gruppa vart sloppen ut i fallskjerm over Tafjordfjella i mars 1944 og skulle liggje klar til dei fekk ordre frå London om å starte sabotasjen mot Raumabana. Dei heldt til i fjella i nesten eitt år før dei sprengde Stuguflåten bru i byrjinga av januar 1945. Resultatet vart tre vekers stopp på Raumabana.

Etter andre verdskrigen

2013: Norsk krigshelt Joachim Rønneberg framfor Parlamentet i London, der han mottok det britiske flagget, Union Jack, for sin innsats under andre verdskrigen. Til høgre Tomas Adam frå den Norske Spesialstyrken. Foto: Nina Eirin Rangøy / NTB Scanpix
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Etter krigen skreiv Rønneberg rapportane om oppdraga han hadde vore med på, og gjekk tilbake til eit liv som sivilist. I mange år ville han ikkje snakke om det han hadde opplevd under krigen, men etter kvart oppdaga han i møte med unge menneske deira manglande kunnskap om andre verdskrig, og dei lærdomane som krigen hadde gitt Rønneberg sin generasjon.

Under krigen hadde han gitt seg sjølv ein lovnad om at han ville gjere det han kunne for at Noreg ikkje skulle oppleve krig igjen. Verdien av freden ville han formidle til dei unge, men òg kor viktig det er å kunne forsvare seg. Rønneberg reiste rundt på hundrevis av skular og i forsamlingar og formidla freds-, fridoms- og humanismebodskapen sin til tusenvis av skuleelevar.

NRK-journalist

I 1948 vart han tilsett som programmedarbeidar ved avdelingskontoret til NRK i Ålesund. Han vart programsekretær i 1954 og var redaksjonssjef frå 1977 til han gjekk av i 1989. Som radiomann var han ein pioner i dette distriktet. Han reiste rundt med tungt utstyr og laga reportasjar og innslag både for riksnettet og lokalsendinga. Med si karakteristiske bassrøyst var han lett å kjenne att når han kom for å gjere opptak. Radiomannen Rønneberg vart eit omgrep og ein velkomen gjest i det store distriktet han dekte, heile Møre og Romsdal og i tillegg Nordfjord.

Utmerkingar

Etter krigen fekk Rønneberg alle dei høgaste norske og allierte militære utmerkingane. Han vart dekorert med mellom anna Krigskorset med sverd, St. Olavs-medaljen med ekegren, Deltagermedaljen, den britiske Distinguished Service Order, den franske Æreslegionen og den amerikanske Medal of Freedom med palme.

Han fekk Ålesund kommune sin heiderspris i 1998, og i 1995 var han den første som fekk Sunnmørspostens heiderspris. Same året fekk han den internasjonale prisen frå Amalie Laksovs minnefond til vern om menneskerettane. I 2014 vart det avduka ein statue av Rønneberg utanfor rådhuset i heimbyen Ålesund. Saman med Ragnar Ulstein fekk han i 2015 Forsvarets heiderskross.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kraglund, Ivar og Moland, Arnfinn: Hjemmefront, bind 6 i Norge i krig. Oslo 1987
  • Poulsson, Jens Anton: Aksjon Vemork : Vinterkrig på Hardangervidda. Oslo 1982
  • Myklebust, Gunnar: Tungtvannssabotøren : Joachim H. Rønneberg – Linge-kar og fjellmann. Oslo 2011

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg