Joachim er eit mannsnamn som kjem av det hebraiske Jehojachim med tydinga ‘Gud reiser opp’.

Namnet har fleire variantar: Joachim, Joacim, Joackim, Joakim, Joaquim.

Kjende personar med namnet Joachim

Eit utval personar med namnet Joachim, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 799 menn i Noreg som hadde Joachim som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 gutar som fekk namnet Joachim.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Joakim og Joachim slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Joakim og Joachim er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Lukas, Markus, Mathias, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Nokre av dei har også ein internasjonal stavemåte som Philip, Jacob, Joachim, Lucas, Marcus og Michael.

Utvikling i bruk av namnet Joachim frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Joachim frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg