Faktaboks

Jimmie Åkesson
Fødd
17. mai 1979, Ivetofta
Jimmie Åkesson
Jimmie Åkesson taler under Almedalsveckan 2017.
Av /News Øresund.
Lisens: CC BY 3.0

Jimmie Åkesson er ein svensk politikar som sidan 2005 er partileiar for det høgrepopulistiske partiet Sverigedemokraterna. Med Åkesson som partileiar har Sverigedemokraterna vorte eit av dei største i svensk politikk, og i 2020 vart det Sveriges nest største parti.

Bakgrunn

Jimmie Åkesson er fødd i Sölvesborg i Sverige. Han melde seg inn i Sverigedemokratisk Ungdom (SDU) som gymnaselev i 1995. I 1998 vart den då 19-årige Åkesson vald inn i kommunestyret i Sölvesborg. I 2000 vart han leiar for SDU, og sidan 2005 har han vore partileiar for Sverigedemokraterna (SD). Mellom 1999 og 2005 studerte Åkesson ulike fag ved Universitetet i Lund, utan å fullføre ei grad. Han har aldri hatt jobb utanfor politikken.

Politisk karriere

Åkesson har definert Sverigedemokraterna som eit sosialkonservativt og nasjonalistisk parti. Han ser høg innvandring som ein trussel mot velferda og tryggleiken i Sverige, og har vunne nye veljarar blant grupper som meiner at dei andre partia har svikta i innvandrings- og integreringspolitikken. Samstundes har Åkesson sagt at rasistar ikkje høyrer heime i partiet, og under leiarskapen hans har ei rekkje medlemer og tillitsvalde har vorte ekskluderte på grunn av rasistiske utsegner og valdshandlingar. I 2018 vart det likevel avslørt at partiet hadde fleire kandidatar med nynazistisk bakgrunn på listene sine.

Etter riksdagsvalet i 2014 vart Åkesson sjukmeld fordi han var utbrend. På same tid vart det avslørt at han hadde spelt på nettkasino for ein halv million kroner i 2014. Han kom gradvis tilbake som partileiar våren 2015.

Under Åkesson si tid som leiar har SD gått frå å vere eit marginalt fenomen i svensk politikk til å bli det nest største partiet i den svenske Riksdagen. Partiet vart først representert i Riksdagen i 2010, etter å ha fått 5,7 prosent av røystene. Ved dei neste vala, i 2014 og 2018, vaks oppslutnaden til høvesvis 12,9 og 17,5 prosent. Åkesson har likevel ikkje greidd å etablere noko samarbeid med dei andre partia, som oppfattar SD som eit rasistisk og populistisk parti. Dette endra seg noko før valet i 2022, der SD vart nest største parti med 20,5 prosent av røystene, og partiet bidro til den borgarlege valsigeren.

Utgjevingar

Åkesson har gitt ut sjølvbiografien Satis polito (2013), artikkelsamlinga Tio år som partiledare 2005–2015 (2015) og debattboka Det moderna folkhemmet (2018).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg