«Jesus lever, graven brast» er ein påskesalme frå 1786 av Johan Nordahl Brun. Salmen vart prenta i Bruns Evangeliske Sange (1786). Salmen kom med i den dansk-norske Evangelisk-christelig psalmebog (1798) og har sidan følgt dei norske salmebøkene. Salmen er omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1904, «Jesus liver, gravi brast», som er attgjeven i nyare salmebøker i noko modernisert språkdrakt.

Salmen har opphavleg tre vers, men det siste verset («Graven smiler, Døden leer...») er utelate i salmebøkene. Salmen er mykje nytta i gudstenesta på påskedag. I Norsk salmebok (1985) står han på nr. 179 på bokmål og på nr. 180 på nynorsk, i Norsk salmebok 2013 på nr. 195 i begge målformer.

Melodien er av Johann Rudolph Ahle og vart publisert til teksten «Ja, er ists, das Heil der Welt» i hans Sonntagsandachten (1664). Melodien har her ei solistisk form, men Wolfgang Carl Briegel (1626–1712) ga han i sin cantional frå 1687 ei form som høver til fellessong. Her er melodien knytt til teksten «Liebster Jesu, wir sind hier» («Jesus, Frelser, vi er her»), som melodien tradisjonelt vert identifisert med. Over tid vart noteverdiane jamna ut til berre firedelar, men i salmeboka frå 1985 fekk melodien ein livlegare rytme som ligg nær Briegel sin versjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg