For dei kristne er Jerusalem først og fremst den byen der Jesus døydde og stod opp igjen. Meldingane om Jesu liv i Det nye testamentet endar med at han drog til Jerusalem til ein konfrontasjon med dei jødiske leiarane. Der blei han stilt for retten, krossfesta og gravlagd. Ifølgje Det nye testamentet var det også der Jesu oppstode (oppstandelse) og himmelfart fann stad. Likeins var det der dei første kristne samla seg og fekk Den heilage ande (Pinseunderet) og organiserte den første kristne kyrkjelyden.

Biletet av Jerusalem i Det nye testamentet er dobbelt: Først er det eit bilete av byen som drep profetane, og som avviser Messias (Matteusevangeliet kapittel 23, vers 37), dernest blir det byen som er utgangspunktet for Gudsriket, for den nye tidsalderen som Jesus forkynner. Det tydelegaste uttrykket for dette er tekstane om det himmelske Jerusalem i Johannes' openberring (Johannes' openberring kapittel 21).

«Det himmelske Jerusalem» eller «det nye Jerusalem» er først og fremst ein åndeleg storleik og har i og for seg hatt ein sentral plass i kristen symbolikk. Det var eit bilete på den evige sæla (saligheten), og med utgangspunkt i biletbruken i Johannes' openberring kapittel 21 har det blitt framstilt i kristen kunst heilt frå 400-talet av. Det har vore eit samanfattande bilete for Guds og Andens rike i bibeltolking og preike gjennom det meste av kyrkjehistoria (Jerusalem som symbol for Guds rike blei stilt opp mot Babylon som symbol for riket for djevelen).

Skildringa av det himmelske Jerusalem i Johannes' openberring kapittel 21 har også vore med på å forme ideala for det kristne kyrkjebygget, heilt frå dei romanske og dei gotiske kyrkjene av: Kyrkjebygget skulle føregripe det himmelske Jerusalem her på jorda og peike fram mot litt meir som skulle kome. Apokalyptiske rørsler har – særleg frå reformasjonstida av – igjen og igjen vilja opprette det nye Jerusalem som byrjinga på Guds rike her på jorda.

Pilegrimsferder

Ved sida av denne symbolske funksjonen har Jerusalem heilt frå Jesu tid vore eit sentralt pilegrimsmål. Svært tidleg utvikla det seg liturgiske tradisjonar knytt til dei sentrale stadene i Jesu historie, og desse tradisjonane blei viktige for kyrkja både i aust og i vest. Dessutan blei det etter kvart bygd ei lang rekkje kyrkjer til minne om bestemte sider av Jesu historie (mellom anna Den heilage gravkyrkja, som blei bygd på keisar Konstantins tid), eller kyrkjer som er vigde til heilage menneske frå den tidlegaste kristne historia (mellom anna til Jakob, Jesu bror).

Frå 451 av (Khalkedon-konsilet) blei biskopen av Jerusalem rekna som patriark, og stadig fleire pilegrimar drog hit. Mange av dei slo seg også ned i Jerusalem som munkar eller nonner. Dei kristne forsøka på å vinne byen tilbake frå muslimsk overherredømme under krossferdstida viser også kor viktig Jerusalem var for kristne i mellomalderen. Roma – byen til paven, Kristi avløysar – kunne aldri erstatte Kristi eigen by som geografisk midtpunkt for den kristne verda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg