Jermund

Artikkelstart

Jermund er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Gjermund som kjem av norrønt Geir-mundr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘spyd’ og etterleddet ‘vern; vernar’.

Namnet har fleire variantar: Gjermund, Jermund, Geirmund.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 200 menn (fødde i Noreg) som hadde Jermund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg