Jerly er eit kvinnenamn som inneheld suffikset -ly. Jer- kan her komme frå til dømes Jermund eller Jeremias.

Suffikset -ly vart tatt i bruk i ein del nye kvinnenamn rundt 1900.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Jerly Pettersdatter fødd 1897 i Gildeskål (Nordland).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Jerly som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 1991: Frå [Dagny] og [Jenny] til [Bjørgny] og [Perly]. Nye kvinnenamn på -[y] etter mønster av namn med liknande struktur i norrønt og engelsk. I: Gordon Albøge, Eva Villarsen Meldgaard og Lis Weise (red.): [Analogi i navngivning]. NORNA-rapporter 45.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg