Jens Kåre Engeset

Faktaboks

Jens Kåre Engeset
Født
21. april 1930, Vardø, Troms og Finnmark
Død
15. mars 2013, Ørsta, Møre og Romsdal
Jens Kåre Engeset i utstillinga i Aasentunet våren 2002 i samband med lanseringa av biografien om Anders Hovden, «Anders Hovden. Diktarprest og folketalar».
Jens Kåre Engeset (2002)
Av /Aasentunet.

Artikkelstart

Jens Kåre Engeset var lærar og museumsstyrar. Han var styreleiar for Ivar Aasen-museet i 35 år og var med i brukargruppa som planla Ivar Aasen-tunet (no Aasentunet) fram mot opninga i juni 2000.

Jens Kåre Engeset var fødd i Vardø i Troms og Finnmark. Då han var fire år gamal, flytta familien til Hovdebygda i Ørsta, som sidan var heimstaden hans. Han fullførte lærarskulen i Volda i 1955 og arbeidde i 17 år som lærar i Sande og i Hovdebygda. I 1972 vart han den første leiaren for Pedagogisk Tenestesenter for Søre Sunnmøre, og frå 1975 til 1995 var han tilsett i administrasjonen ved Volda lærarhøgskule (no Høgskulen i Volda).

Ved sida av lærargjerninga fungerte han som styreleiar for Ivar Aasen-museet i Hovdebygda frå 1966, formelt vald frå 1968, og fram til museet vart ein del av Ivar Aasen-tunet i 2000. I 2003 gav han ut eit hefte om soga til Aasen-museet, heilt frå opninga i 1898.

I 2002 gav Engeset ut ein biografi om Anders Hovden, Anders Hovden. Diktarprest og folketalar. Han har skrive ei mengd lokalhistoriske artiklar, mest for eit lokalt årsskrift. I 2005 vart mange lengre avisartiklar, mellom anna mange om Ivar Aasen og om Anders Hovden, samla i bokform.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jens Kåre Engeset: Vent vidar seg Hovdevatnet. Hovdebygda 2005
  • Eirik Helleve: «'– Ein misjonær for nynorsk og Ivar Aasen'. Jens Kåre Engeset i samtale med Eirik Helleve», i Hovdebygdingar – med vit og von. Hovdebygda 2003

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg